Hvem er du, hvor bor du, hva gjør du til daglig og hvorfor flyttet du ?
Hei! Eg er Anders Gjeldnes født i 1979 og budde i Oppistuå på Hjellnes fram til eg skulle i millitæret hausten 1998. Deretter studerte eg bioteknologi på Blæstad ved Hamar. Etter studia har eg jobba 3 år ved Norges Veterinærhøgskule og tilsaman 9 år i TINE, ved 3 forskjellige meierianlegg. Eg er gift med Siri Skjerve og vi bur på Ringebu. Vi har borna Selma på 5 år og Ådne på snart 2 år. Siri arbeider ved Ringebu Folkehøgskule.
Ådne, Selma og Siri.
Beskriv hvordan en vanlig dag ser ut for deg !
Ved meieriet på Frya har eg ugunstig arbeidstid og begynner til forskjellig tid kvar dag, alt frå kl 05 til kl 14. Men som oftast er eg oppe ca kl 05 og er på jobb til kl 06. Eg arbeider på laboratoriet med kvalitetssikring av produkta våre, i tillegg til at eg har kontroll med syrningsprosess av yoghurt og rømme. Elles er eg smaksdommar både for råvare og ferdigvare. Arbeidsdagen er veldig variert og eg trivst veldig godt med å vere ansatt i TINE.
Huset vårt i Ringebu.
Hvor ofte er du hjemme i Todalen, og når kommer vi til å se deg i Todalen igjen?
Skulle gjerne ha vore oftare heime, men med 2 små ungar blir turen lang. I det siste har vi vore i Todalen annakvar jul, kvar påske, ein tur på sommaren og litt jakt på hausten + evt litt til. Neste tur blir nok ikkje før juli.
Hva viser du først frem av Todalen tilvenner som kommer på besøk til bygda for første gang ?
Hjellnes. Eigentleg praktisk for da ser ein heile bygda i ein jafs.
Kommer du til å flytte til Todalen igjen?
Ja. Etter ein lang og kronglete prosess har vi no bestemt oss for å flytte til Todalen. Eg har fått meg jobb ved Norsk Kvalitetsmat AS og Siri har fått ei stilling ved Nordmøre Folkehøgskule. Vi begynner i nye jobbar i månadsskiftet august-september, så vi veit kva vi skal bruke sommarferien til! No håpar vi at det ordnar seg med barnehageplass.
Dessuten: etter mange år ute i den store verda har eg verva 3 nye todalingar. Vi håpar at vervepremien byr seg i form av eit hus inni bygda! Vi har fått eit par tips, men ikkje nøl med å ta kontakt hvis du veit om noko!
Er det noe spesielt du ikke klarer deg uten?
Vinter/vår: telemark/toppturski
Sommar: terrengsykkel
Haust: jakt
Elles bør ein vel nemne kjerring og ungar.
Reinsdyrjakt i Ringebufjellet.
Hvordan holder dialekten din seg som utflytta todaling? Kanskje du har et eksempel på en vanlig dialektmisforståelse?
Av naturlege årsaker har eg aldri preka innbarka todaling, men prøvar så godt eg kan. I Gudbrandsdalen er det mykje likheiter med todalsdialekta, og det er enklare å halde på språket her enn i Oslo. Men ein tilpassar seg litt der ein bur. I alle fall på arbeid blir det til at eg kuttar ut talrekkja ”sykjå, akjå, nikjå”. Og sidan eg arbeider på meieri er det mange så ser litt rart på meg når eg seier ”flæte”.
Hvordan vil du sammenligne Todalen med det stedet du bor nå? Noen store savn?
Ringebu er landsby så her er det litt fleire butikkar og folk, og vi har kort avstand til det meste. Vi har mykje fin natur her og, men det er ikkje så kompakt som i Todalen der ein har både fjord og fjell. Ringebufjellet har mange små toppar, men er meir prega av vidder. Muen på 1424 m.o.h. er høgast i kommunen. Elles kan eg nemne alpinanlegget kvitfjell og milevis med oppkøyrde skiløyper om vinteren.
Dei største sakna er todalsnaturen, familien og samhaldet mellom bygdafolket.
Hvor ofte er du innom Todalen.no
Så og seie kvar dag.
Og til slutt..Hvem utfordrer du som neste ”utflytta Todaling” ?
Anna Bruset.