Todalen.no har fått tilsendt bileter frå den første utforkjøringa ( som i allefall er dokumentert) på den første snøen som kom litt brått på noken av oss. Ein ålvundfjording, bosatt i Surnadal freista i går morgon å komme seg til Kårvatn på sommardekk. Det gjekk ikkje så bra, og turen endte i grøfta ved Falla. Då heldigvis utan personskadar.
Dette til tross for at todalen.no dagen før hadde eigen reportasje om ver- og føreforhold dei kommande dagane der det vart påpeika at det kanskje var på tide med eit hjulskifte. Saka om det kan du sjå her.
Så det løner seg å følgje med…