Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen I.L. – Klart for NM i randonee

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. februar 2016

 Litt nysnø fra onsdag kveld og framover til fredag vil gi perfekte forhold når starten for NM i randonee individuelt går laurdag føremiddag. Onsdag kveld var det finpuss av NM-programmet for funksjonærane og løypemannskapet. Det er no klart at søndagens vertikal vil starte i fjøresteinane ved Todaleøra og gå til toppen av Litj-fjellet (886 m.o.h.)

Rambjøra og Litj-fjellet_6546_start og mål

Søndag blir det start i fjøresteinane før turen går rett opp lia til toppen av Litj-fjellet. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var egentleg Rambjøra som var målet for årets vertikal, men det er alt for lite snø i høgda til å kjøre konkurransen dit, fortel Nils Ove Bruset som er rennleiar. – Men Litjfjellet som ligg i same området er eit godt alternativ til Rambjøra.

Starten_NC_3489

NM-starten går frå Kårvatn og opp til toppen av Tydalsnebba. På bildet ser vi fjorårets start ved Kårvatn. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Laurdagens NM kjøres etter same program som tidlegare, med start og målgang på Kårvatn og løypa går opp til Tydalsnebba (1274 m.o.h.), før returen går rett utfor og ned til Kårvatn igjen.

Bruset oppfordrar trimmarane til å melde seg på i trimklassen, og bli med og måle styrken med de aktive løparane. – I trimklassen er det høve til å bruke den tida du treng både opp og ned, så det er ingen ting å være redd for. Det er bar å gå inn på nettsida til arrangementet og melde seg på!

Programmet for randoneehelga ser slik ut:

Lørdag, Norgesmesterskap Randonee Individuelt
Kl. 09:45 briefing
Kl. 10:00 start trimklasse
Kl. 11:00 start aktive, NM
Bankett om kvelden

Søndag, Randoneecup vertikal

Kl. 09:45 briefing
Kl. 10:00 start trimklasse
Kl. 11:00 start aktive, randoneecup vertikal

Først publisert: 10. februar 2016, 23:48 - Sist oppdatert: 11. februar 2016, 01:18