Kulturavdelinga i Surnadal kommune orienterer om dei forskjellege tilskotsordningar dei har til kultur og idrett det komande året, og søknadsfristane for desse. Dei ber også om å få forslag på kandidatar til «Kleivaprisen», som blir delt ut under «Kleivakvelden» på Kleiva i samband med Vårsøghelga.
«Kleivaprisen» og «Kleivafondet»
«Kleivaprisen» er Surnadal kommune sin kulturpris. Forslag til kandidat med grunngjeving skal sendast skriftleg til post@surnadal.kommune.no eller i posten til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal innan 7. april.
«Kleivafondet» skal gå til enkeltståande tiltak som fremjar kulturelle og lokalhistoriske formål i kommunen. Søknad med grunngjeving skal sendast til post@surnadal.kommune.no eller i posten til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal innan 7. april.
Tilskot til kultur, idrett, leikeplassar og 17-mai:
Lag og forsamlingshus som skal søke om kulturmidlar for 2023 brukar søknadsskjemaet kulturmidlar for 2023 innan 30. april.
Søknad om tilskot til leikeplassar 2023 innan 30. april.
Surnadal kommune gjev 3.000 kroner i tilskot til hovudarrangementet i samband med 17. mai-feiringa i krinsane Todalen, Stangvik, Mo, Bæverfjord og Bøfjorden. Søknad på dette tilskotet skal sendast til post@surnadal.kommune.no eller i posten til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal innan 30. april.
Fast leige av gymsalar, hall og svømmehallen 2023/24:
For fast, regelmessig leige av gymsalar, hall og svømmehallen skuleåret 2023/24 brukar ein skjemaet leige av gymsalar, hall og svømmehallen
Søknadsfristen er også her 30. april.