Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for fornying av støttemedlemsskapet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. juni 2025

Da er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år.

Nytt av året er at vi har sendt ut eFaktura som etter kvart vil dukke opp i nettbanken din. Dersom du ikkje har motteke eFaktura i løpet av eit par dagar, kan det skuldast at vi har registret feil mobilnummer på deg – i så fall ta kontakt med oss slik at vi kan oppdatere telefonnummeret ditt. 
 
Vil du heller motta faktura på e-post? Da tek du kontakt med oss på Registrering av e-postadresse. E-postadressa vil berre bli bruka av Todalen.no, og vil ikkje vere offentleg tilgjengeleg på nokon måte.  
 
Du kan fortsatt betale støttemedlemskapet kr 200,- med Vipps til nummer 107600, eller skanne QR-koden på toppen.
 
Om du ikkje er støttemeldem, men ønsker å bli det, så er det berre å Vippse til nummeret over, og oppgi e-postadressa eller mobilnummeret i kommentarfeltet, så får du tilsendt faktura elektronisk neste år. 
 
For å drifte Todalen.no, er vi avhengige av inntekter. Eit støttemedlemskap er difor eit viktig bidrag til drifta av nettsida. Todalen.no håper difor du framleis vil vere med å støtte arbeidet vårt. 
Publisert: 12. juni 2025, 09:29