Denne veka kom gladmeldinga om at SpareBank 1 SMN, gjennom sitt samfunnsutbytte, løyver kroner 25.000,- til Todalen Idrettslag sitt aktivitetsrom i reiskapshuset på Bordholmen stadion.
«Samfunnsutbyttet er en del av konsernets overskudd, og tildeles små og store tiltak som bidrar til bærekraftig utvikling av Midt-Norge», heiter det i statuttane sil SpareBank 1 SMN sitt samfunnsutbytte.
«Nettopp denne aktiviteten er plukket ut til å bidra til dette. Dere spiller derfor en viktig rolle i forvaltningen av de verdier som er skapt i og for lokalsamfunnet», heiter det i grunngjevinga for tildelinga frå SpareBank 1 SMN til Todalen Idrettslag.
– Dette var ei særs gledeleg melding, seier ein strålande nøgd og glad leiar i Todalen IL, Elinor Bolme.
Ho nyttar høvet til å takke SpareBank 1 SMN for tildelinga.
I same slengen minner ho ungdommane i bygda om å møte opp på medlemsmøtet i reiskapshuset på Bordholmen måndag 2. oktober klokka 18:00. Her skal ungdommane sjølv få kome med forslag til framtidig drift og aktivitetar i det nye aktivitetsrommet.