Dei siste åra har det vorte ein tradisjon at Idrettslaget Søya sitt medlemsblan, Søyaposten ligg i postkassen ein av dei siste dagane før jul. Så også i år, og den 53. årgangen av Søyaposten er no levert i postkassane i «Søyaland». I redaksjonen for Søyaposten 2023 har Theodor Glærum, Marit Haugen, Bergsvein Brøske, Geir Forbregd og Kristin Grønnes vore med.
Årets Søyapost er på 40 sider, så her bør det vere noko av interesse for dei aller fleste. Du kan lese heile Søyaposten ved å trykke på lenka nedanfor:
For den som ønsker å støtte arbeidet med utgjevinga av Søyaposten, så er det mogleg å gjere dette via bankinnbetaling eller Vipps.