Regnvêret dei siste dagane skaper problem for NM-arrangøren Todalen idrettslag. Det er no klar at det ikkje blir arrangement på Kårvatn slik det var planlagt. Snøtilhøva på Kårvatn og i området opp mot Tydalsnebba gjer det umuleg å gjennomføre arrangementet her, fortel rennledar Nils Ove Bruset. Men har enno håp om å kunne gjennomføre det eine løpet som er Randonee-NM ved å flytte arrangementet til Sæterlia i Surnadal.
Laurdag var det befaring i Sæterlia, der det enno er nok snø til å gjennomføre NM-løpet. Men arrangementet er enno ei veke fram i tid, og vi må forsikre oss om at ikkje mildvêret som er meldt i komande veke ødelegg resten av skiføret. Når det er så lite snø må vi tenkje på sikkerheita for løparane først og fremst. Her vil ein ta ei endelg avgjerd søndag, etter at det er gjort ei grundig vurdering. Todalen.no kjem med meir info når det er avgjort kva som skjer vidare.
Opprinneleg var det planlagt renn over to dagar på Kårvatn este helg. Laurdag skulle det være NM og indiviuell konkurranse. Søndag var det planlagt lagkonkurranse. Her kan du lese meir om arrangementet, og vil du halde eit auge med vêret finn du link til yr.no her.