Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 5/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Fredag 3. april 2015

Her kjem femte episode i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Vår helt Lebrekk har utforska potensielle spor, og må sjå om det er muleg å komme fram til ein konklusjon.

Vikariatet nærma seg slutten. Ho skulle berre finpusse på bileta frå Kjerringdilten, så var det på tide å gi frå seg tastaturet igjen. Men, først ein tur på Hals eft. igjen. Påskeegget var tømt og kvardag var det ikkje før i morgon.

På vegen passerte ho ein lokal snøstorm. Sandstad Snøkanon var i gang, og det var som å vere på innsida av ei snøkule nokon hadde rista på. Og midt inni snøkaoset møtte ho, var det … ein hjort? Nei, ein mann. Med skjegg. Og rulleski. ”Hola! Korleis står det til?” Ho blei nesten litt satt ut, ikkje eit ” e du hæm?” Han kunne ikkje vere innfødt. Akkurat, heilt riktig. Med lette spanske stavtak forsvann han like kjapt som han hadde dukka opp. Kunne dette vere mannen med skjegg Sanitetsloddseljaren hadde snakka med? Han var kjapp nok til å snike seg ut døra på Hals utan at nokon la merke til det det, ja nesten som ei gaupe. Kanskje mannen med skjegg var gaupa ved Lundebekken? Eller full hjort med måne? Det gjekk nesten rundt for ho. Ok. Roleg. Pust.

På Bua snakka ein om idealtid, præriekattar og fasiten til pubquizen. Bladfyk jobba seg bort til smågodthylla. Ho registrerte berre i sidesynet butikkhjelpa som tasta varer og trykte på bensinknappen. Krokodiller, sure føter … ”eg har det!” mumla ho, før ho snudde seg rundt og sa det høgt til alle ” Eg veit kven som har teke biletet! Og om eg ikkje tek feil så er det fortsatt her i butikken” Folk stoppa opp og såg på ho. Ein kunne høyre ein Kvikk-Lunsj falle. ”Handelsmann Nordvik, lås døra og samle folk i Kaffekroken!”

del_5_mistenkte

Ja, er du like djerv som Lebrekk Bladfyk? Har du funne ut kven som står bak tjuveriet? Alternativa er:

a) Mann Med Skjegg
b) Handelsmann Nordvik
c) Sanitetsloddseljaren
d) Ordførar Nyheim
e) Pubeigar Halle
f) Overredaktør Ørsal
g) Temperaturmålar Bruset
h) Årets bilete-vinnar 2011, 2012 og 2014
i) Husstyrar Moe

Tidlegare episodar: Del 1Del 2Del 3Del 4

Har du kome fram til eit svar? Send inn ditt forslag nedanfor, så ventar kanskje ei påskeoverrasking etter kvart. Vi vil premiere med korrekte svaret, i henhold til løysinga til forfattaren sjølv, og det mest kreative svaret. I tillegg trekkjer vi ut nokre ekstra vinnarar.

Fristen for å sende inn svar er no gått ut. Løysinga kjem 6. april.

Først publisert: 3. april 2015, 19:00 - Sist oppdatert: 6. april 2015, 01:54