Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Interessant historiedag med bokslepp

Interessant historiedag med bokslepp

Jon Olav Ørsal Sundag 27. november 2011

Todalen historielag hadde søndag sitt tradisjonelle bokslepp, der dei presenterte det nye årsskriftet for 2011 og hadde spedd på med kunstutstilling og visning av gamle smalfilmopptak etter Berta og Magnor Haltbakk. Et 60-tals interesserte trossa snøslapsen og kom til ungdomshuset for å sjå og høyre, og for kjøpe det nye årsskriftet.

Les heile saka

LysVåken

LysVåken

Elinor Bolme Sundag 27. november 2011

LysVåken- eit nasjonalt prosjekt i Den Norske Kyrkja. I Todalen Kyrkje vart det attpåtil eit historisk prosjekt, då det for aller første gong vart overnatta i kyrkja. Dette var eit arrangement i regi av Todalen Sokneråd i tråd med ein landsomfattande aksjon der det er fokus på å innvolvere og bli kjent med kyrkja si. Todalen sokneråd innviterte dermed alle frå 5. til 7. klasse til å overnatte i kyrkja natt til 1. søndag i advent. Rundt halvparten av ungane stilte på arrangementet, og dei som gjorde det fekk oppleva ein litt anna laurdagskveld.

Les heile saka

Den første snøen….

Den første snøen….

Jon Olav Ørsal Sundag 27. november 2011

I løpet av natta har vi skifta ham frå haust til vinter! Den første snøen er komen, og brøytaren har kjørt sin første tur rundt bygda. Nysnøen er blaut og glatt, så det er all grunn til å åtvare deg som skal ut med bilen om å køyre forsiktig. Dersom vi skal sammenlikne med fjoråret, så er vi informert om at første brøyteturen var allereie 25. oktober.

Les heile saka

Førstehjelpskurs – Bli med i Røde Kors?

Førstehjelpskurs – Bli med i Røde Kors?

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2011

Førstehjepskurs for nye og gamle medlemmer lørdag 3. – søndag 4. desember i Røde Kors-huset på Bøvra Hjelpekorpset i Surnadal Røde Kors arrangerer kurs med avsluttende prøver i teortisk og praktisk førstehjelp. Dette kurset er pålagt for dei som ønsker å vera «operative» i Hjelpekorpset, det er også bra om dei som ønsker å vera med i «omsorgsgruppa» har det.

Les heile saka

Oppdatering av lag og organisasjonar

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2011

På Trollheimsporten held dei på og oppdater lista over lag og organissasjonar, og i ein e-post til Todalen.no skriv Norunn Holten: «På Trollheimsporten held vi på å oppdatere lista over lag og organisasjonar i kommunen. Det er veldig viktig at alle organisasjonar står oppførte her med oppdaterte og korrekte opplysningar. Denne lista blir nemleg også bruka av Surnadal kommune når dei skal orientere organisasjonane om noko eller sende saker ut på høyring. Dersom laget ditt ikkje er med, eller det står oppført feil kontaktperson, kan du risikere å ikkje bli med når viktige avgjerder skal takast.

Les heile saka

Ingen skader etter «Berit» i Todalen

Ingen skader etter «Berit» i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2011

Ein rask fotorunde i «flomålet» bekreftar at det ikkje har vore nevneverdige skadar etter stormfloa rundt midnatt.  Ein kan mange plassar sjå kor høg vannstanden har vore på flostrengen som ligg att. Bilda er tekne mellom 10 og 11 laurdag føremiddag, og flostrengen viser at vannstanden har vore omlag ein halv meter høgare i løpet […]

Les heile saka

Sandstad Terrasse

Sandstad Terrasse

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2011

På Sandstad foregår det ei total renovering av huset. Inne har det vorte 3 familieleiligheter som er på det neraste ferdig. Den siste tida har arbeidet foregått utvendig, der det er lagt ny Royal-kledning på ytterveggen og sett inn nye glas. På framsida mot Utigardsøyann bygges det no ny terasse. Fredag var byggherre Gudmund Kvendset og Odd Magne Haugen frå Byggefirma Olav Haugen i innspurten for å få terrassen ferdig før stormen «Berit» sette inn.

Les heile saka

Stormflo – verre til natta?

Stormflo – verre til natta?

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2011

Fredag formiddag var det var det tendens til stormflo. Rundt 11-tida var floa på topp, og da var den godt over normal, men til natta er det meldt om stormflo med vannstand inntil 110 cm over normalen. Todalen.no tok en fotorunde i formiddag, ca 1 time etter at floa var på topp. «

Les heile saka

Ekstremvær: Kjem «Berit» innover?

Ekstremvær: Kjem «Berit» innover?

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2011

Det er meldt ekstremvêr på strekninga Møre og Romsadal til Lofoten i kveld og natt.  Meldinga går ut på sterk storm på kysten, med sørvestleg vindretning. Her i Todalen går meldingane ut på vind opp til 6-7 m/s, så «Berit» reiser vel forbi utmed kysten. Men det lønner seg nok å følgje med på vêrmeldinga utover dagen.^I morgontimane i dag er det 6-7 varmegrader, men Jon Buset melder at det har vore heilt opp på 14 varmegrader på vêrstasjonen på Småhjellan i løpet av natta. Det er imidlertid meldt lågare temperatur utover mot kvelden og vi må nok rekne med nysnø nedover liene.


Historielaget: Lanserer årsskrift for 2011

Historielaget: Lanserer årsskrift for 2011

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2011

Det nye årsskriftet er klart for å leggjast ut for salg. Det skjer søndag 27. november, mellom 12.30 og 15.30 i Todalen Ungdomshus. I tilknyting til lanseringa er det laga ei lita utstilling med måleri, akvarellar og teikningar som Margrete Halle Anthonsen (Skogly) har laga. Det vil også bli vist smalfilm fra midten av 60-talet. Det er Anders Talgø som vil vise gamle opptak som er gjort av Magnor Haltbakk.

Les heile saka

Linjerydding på 132kV’n

Linjerydding på 132kV’n

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. november 2011

I haust har det pågått linjerydding av 132 kW-linja som går mellom Sunndalsøra og Trollheim kraftverk i Øvre Surnadal. Det er Siv og Bjørn Halle som gjennom Allskog har avtale med Statnett om rydding av linja. Onsdag passerte dei to Talgø-fabrikken med motorsag, og gjorde reint bord i krattskogen mellom fabrikken og sjøen. Dermed vart det igjen utsikt mot sjøen fra fabrikklokala.

Les heile saka

G16 – avslutning med tid for ros

G16 – avslutning med tid for ros

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. november 2011

Onsdag kveld var det avslutningskveld etter årets sesong for G16 i Todalen ungdomshus. Da var det tid for oppsummering og for å gje ros for det som har skjedd gjennom sesongen, både på og utafor banen. Med eit stort trettital til bords gikk pizzaen ned på høgkant, og etterpå viste oppmann Knut Haugen ein filmkavalkade med årets høgdepunkt i ein kort film. Laget har hatt ein stall med 21 spelarar, og vart denne sesongen nr 7 i 1. divisjon for G16 i Møre og Romsdal etter ein litt svak haustsesong.

Les heile saka