Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene


No blir det partytelt til Surnadal sjukeheim

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. juni 2023

Surnadal demensforening og helselag har ofte sosiale arrangement for bebuarane på Surnadal sjukeheim. Om sommaren er det kjekt med treff ute, men veret her på Nordmøre er ikkje alltid å lite på. Derfor søkte dei Sunndal sparebank, avdeling Surnadal, om støtte til innkjøp av telt.

Les heile saka

Fotpleie i juni

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. juni 2023

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie måndag 19. og tysdag 20. juni. Det er ledige timar båe dagane.

Les heile saka

Bli med stavgangarane til Igeltjønna

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. juni 2023

Torsdag 15. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur. Denne gongen tek dei turen både ut av fylket og kommunen, nemleg til Igeltjønna i Rindal kommune. 

Les heile saka

Kløverturar i juni

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. juni 2023

Starten på juni månad var både sur og kald, og på første kløverturen 5. juni var det bruk både for ullskjorte og anorakk. Dagens tur, 12. juni, gjekk i strålande sol og over 20 grader!

Les heile saka

Mannskorsong i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 11. juni 2023

Mannskoret Tarrakarrain frå Averøy gjesta laurdag kveld Stangvik kyrkje, der dei hadde konsert i samarbeid med P17-koret.  Det var bra oppslutning om arrangementet, og det var tydeleg at det var mange som gleda seg til å høre skikkeleg mannskorsong, og dei fekk valuta for pengane.

Les heile saka


Bli med Fjellgruppa til Skarven i Bøverdalen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. juni 2023

Tysdag 13. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Skarven i Bøverdalen. Oppmøte og parkering på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Bøverdalen. 

Les heile saka

Har du sett Phoebe? (Fibi på godt norsk)

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juni 2023

Vår 3 år gamle pomeranertispe forsvant sporløst fra hytta (Todalsøra 128) ca. kl. 15 i dag. Hun har aldri streifet noen gang, så vi er veldig urolige for henne. Hvis hun hadde blitt innestengt noe sted, tror vi hun hadde bjeffet. Har noen sett eller hørt henne, ville vi satt stor pris på beskjed.
Ring:  Gry (478 62 628) eller: Per Arne (917 41 611)


Stor interesse for historisk vandring

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juni 2023

Todalen historielag kan skilte med ein interessert og engasjert medlemsmasse.  Laurdag samla laget over førti deltakarar da leiar John Moe kunne ønskje velkomen til historisk vandring ved Vestrum om Talgø gard.  Når ein nøstar opp så er det heilt utruleg kor mykje som har skjedd i den tida det har vore busetting her, og det fekk vi høyre mykje om i dag.

Les heile saka

Konsert i Svinvika

Dordi Jorunn Halle Laurdag 10. juni 2023

Mannskoret Tarrakarrain frå Averøya er denne helga på turne på Indre Nodrmøre. Søndag 11. juni kl. 14:00 held dei konsert i Svinviks arboret.

Les heile saka