Første skuldag er nok ein skikkelg milepæl for mange 6-åringar denne veka. Ved Todalen og Sytangvik Oppvekstsenter er det i år fleire førsteklassinga enn det har vore på lange tider. I år er dei nemleg 10 i talet, og det har nok si forklaring i at elevane frå Stangvik Oppvekstsenter skal ha sin skulegang i Todalen i vinter, medan Stangvik Oppvekssenter blir bygd om og renovert. På første skuledag var det sjølvsagt stor stas og fotografering av førsteklassingane.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening startar førstkommande tirsdag opp att med sanitetsmøte i Todalen Sanitetshus. Dei er ei aktiv forening som engasjerer seg i det meste innan kvinnehelserelatert arbeide. I tillegg eig dei sitt eige hus, som dei har vedlikehald på.
Les heile saka
Astrid Longva Kvendset (17) er i full gang med å pakke kofferten, og ho må tenkje seg god om kva ho skal ha med i kofferten. Ho skal nemleg på langtur, og skal være borte til langt uti juni i 2013. Astrid skal væra utvekslingsstudent i USA i vinter, og tek dermed ein pause frå skulegangen heime i Norge for å kome seg ut i verden for å sjå og lære korleis det er andre plassar. Ho skal i vinter bo hos ein vertsfamilie i Lansing i Michigan, og skal være student der.
Les heile saka
Søndag var det sesongslutt på Todalshytta for i år. Da er turistsesongen over for i år, og hytta er ikkje lenger opa for publikum bare for å stikke innom og kjøpe seg ein kaffekopp eller ein is. Men sesongen er langt frå slutt for Åse, for ho har bestillinga for kvar helg til langt ut i september. Ho legg også til at terskelen er ikkje høg for å opne døra igjen, dersom det er nokon som har behov for overnatting eller eit eller anna arrangement.
Les heile saka
Laurdag 18. august var 38 stavgangarar i Surnadal pensjonistlag på tur til Vangshaugen og Alfheim. Bussen, med Sverre Kjølstad som sjåfør, starta frå kommunehuset på Skei kl. halv ni. Litt før klokka 11 vart vi ønskte velkomne av den blide vertinna på Vangshaugen, Rannei Rødseth.Vangshaugen og Todalshytta var flotte ”sportsvillaer”, bygd av engelskmannen Ethelbert Lort Phillip, der han tok imot engelske rikfolk til jakt og fiske.
Les heile saka
A-laget til Søya/Todalen tok ein velfortjent seier over Dahle 2 på Bordholmen søndag ettermiddag. Første omgan var det ingen av laga som klarte å finne nettmaskene, men i andre omgang fekk Ole Martin Øyen inn det første målet midt i omgangen. Da laustna det, og Dahle 2 utligna straks etter.
Les heile saka
Førstkomande søndag (26.8.) er det klart for årets Trollheimsmarsj. Det er den 4. i rekkja, og går etter same trase som tilegare, med start frå Bordholmen stadion , over Vardan og til målgang på Leikvoll Stadion på Ålvundeid. Det er ein flott dagstur, som høver både for vaksne og born i lag med vaksne, der det er lagt inn ein turstikonkurranse på turen over fjellet. Både marsjen og turstikonkurransen er premiert med fine premiar!
Les heile saka
Vi minner om at det er open pub på Pakkhuset Kro på Todalsøra laurdag kveld. Det er ope frå kl 21.00 og utover, og alle er velkomne til ein triveleg pub-kveld!
Søndag kl 15 er det A-lagskamp på Bordholmen igjen. Da møter de lokale menn Dahle 2. Laget har så langt vunne berre to kampar, den siste mot Halsa på torsdag, etter ei scoring av lagkaptein Jan Terje Moen på frispark. Karane har enda tilgode å hente ein tre-poengar på heimebane skriv IL_Søya på si heimeside.
Verneormrådestyret for Trollheimen ser bort frå dei mange klagene som er komne, og opprettheld si innstilling om å tillate bygging av turistforeningshytte i Naustådalen. Det blir begrunna med utgangspunkt i naturmangfaldlova, og er basert på forvaltningsplanas ønskje om å flytte meir av trafikken i Trollheimen mot dei vestre områda som tåler meir trafikk.
Les heile saka
Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen G-14 gjorde ein fin innsats under Norway Cup tidlegare i sommar. No er det snart tid for seriestart, og frå Ingri Bruset har vi fått tilsendt påminning og bilder som er teke av laget under Norway Cup. Ho skriv i e-posten: «Sender bilete av G14-laget til Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen som var på Norway Cup. Det er tre todalingar som er med på dette samarbeidslaget. Dei hadde eit fint opphald i Oslo, og heile laget hadde det kjekt ilag såg det ut til.»
Les heile saka
I kveldinga var rundt 70 elevar, med foreldre, småsøsken og nokre tilsette samla til ei sosial samlingsstund ved Todalen Oppvekstsenter. Her fekk elevane og foreldra frå Stangvik oppvekstsenter høve til å bli litt kjent med kva Todalen skule har å by på medan deira eigen skule no snart skal totalrenoverast. Einingsleiar Bjørn Høivik tok med seg dei ulike klassane rundt om på skulen slik at dei fekk sjå kva som har vorte endra slik at det skal bli plass nok for alle å opphalde seg her i ombyggingsperioden.
Les heile saka