Salget av royalbehandla furuprodukt har teke av skikkeleg for Talgøselskapet MøreTre. MøreRoyal har vorte eit merkenamn som blir lagt merke til og som alle kjenner til som driv med byggeverksemd. På eit par år er salget fleirdobla, og no investerer Talgø nærare 40 millionar i nytt bygg og nytt produksjonsutstyr. Tysdag kom båten til Surnadal hamn med rundt 200 tonn med utstyr til det nye royalanlegget.
Les heile saka
Betongservice AS melder i kveld om at dei må halde delvis stengt i Svinviktunnelen også i morgon onsdag og torsdag mellom klokka 08-16 grunna litt forsinkelsar i renoveringsarbeidet rundt tunnelåpninga.
Tunnelen vil bli stengt opp i mot ein time i gongen, men dette vil bli tydeleg merka før tunnelen på begge sider. Bussane vil få kjøyre som vanleg, så i det tidsrommet dei brukar å passere vil det vel bli ei rå for andre passerande også.
Søndag 16. desember kl 15.00 inviterer Todalskoret til julekantate i Todalen kyrkje. Den har dei kalla «I denne søte Juletid», og den er eit samarbeid mellom Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og BareBarokkBandet. Der blir det altså kantate, julesongar og det blir rikeleg høve til å ta del i allsongen.
Les heile saka
Kulden og snøen har kommet, og vinteren har gjort sitt inntog. Med desember kjem også ei litt forsinka avstemninga for månadens bilete for november. Dette blir nest siste kandidat til årets bilete, og sjansen for å vinne eit av de mest eksklusive krusa frå 2012 begynner med andre ord å bli små.
Les heile saka
Jon Bruset er på trimtur til Storhaugen rett som det er. I dag hadde det nyleg vore besøk på trimposten da han kom dit, da det var ferske gaupespor i snøen. Mikkel rev hadde også visitert trimposten, men fara etter han blir litt puslete samanlikna med gaupespora. Vi har fått mange meldingar om observasjon av gaupe dei siste åra, så vi kan vel rekne med at den har vorte «fastbuande» i Todalsnaturen.
Les heile saka
I går ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening sitt årlege førjulstreff med utdeling av «Barnets lykkeskilling». I år var det tre småtassar som var født i Todalen; Ingvar Redalen Ortega, Lars Ailo Gjeldnes og Ronja Strømme. Her vart det servert nissegraut med «mandel» i til unganes store fornøyelse, medan dei etterpå kunne trekke seg litt bort og […]
Les heile saka
Å treffe jerven når ein er til fjells er ikkje lengen den store sensasjonen, og observasjonar av jervspor har nærast vorte dagligdags. Ola Bruset tok søndag ein ettermiddagstur til Brusetsetra, og der trefte han jerven. Han fortel at det var generelt lite spor å sjå på turen opp lia etter turistlina, men vel oppe på Tårnet kunne han sjå at det hadde vore eit yrande liv i høgda. Der var det spor etter både hjort og elg, i tillegg var det og spor etter oter, mår og to jervar.
Les heile saka
Tre karar var i dag i full aksjon på Bordholmen for å anlegge skøyteis der igjen, slik som det var sist vinter. Ivar Helge Kvendset og Knut Bergli hadde starta opp grunnarbeidet i går ettermiddag, med måking av areal og påhaving av vatn med ein ordinær husslokkeslange. I dag fekk dei med seg Ivar Bolme med brannslangar og agregat, og når dei omsider fekk det kalde elvavatnet til å passere gjennom 250 meter med kald slange, gjekk det rimeleg fort å få fylt opp asfaltplassen.
Les heile saka
Vi er godt inne i desember og Surnadal kulturhus har ulike aktiviteter for dei fleste også denne måndaden.
Frå kulturhusleiar Karstein Telstad har vi fått fleire mailar om ulike aktiviteter, under er ein av dei, der han håpar på stor oppslutning for å montere ein pepperkakeby.
Les heile saka
I dag arrangeres det tradisjonelle førjulstreffet med utdeling av lykkeskilling og sosialt samvær i Sanitetshuset. Her er dei ungane som er født i 2012 spesielt inviterte. Saniteten serverer nissegraut, mens det også i år vil bli eit lite juleverksted for dei minste.
Les heile saka
UKM er en åpen arena for ungdommer mellom 13 og 19 år, hvor du kan delta med absolutt hva som helst! Det kan for eksempel være sjonglering, smykkedesign, fotballtriksing, fotografier, stand-up, sang, en novelle, band, dans eller som scenetekniker, konferansier, arrangør eller journalist – Alt er ønsket!
Les heile saka