Eldremiddagen atartar på igjen, etter nokre veker med juleferie. Førstkomande onsdag (9.1.) fylles grytene igjen, og første kokkelag ut er Grete Torvik og Karen Johanne Talgø som kan by på ertesuppe og steikt potetball, kaffe og kake til dei som møter opp. Det skjer som vanleg i Sanitetshuset, og middagen er klar for servering kl 13.00.
.
I dag fikk vi en hyggeleg telefon til redaksjonen i Todalen.no. Det var ordførar Mons Otnes som ringte for å takke alle som hadde vore med og hjelpt til med å etablere beredskap da bygda vart utan telefonsamband 2. juledag. Todalen.no var da først ute med informasjon om feilen på telenettet, og informasjonen kom derfor fort ut slik at den komunale beredkapen vart ivareteken. Otnes rettar ein spesiell takk til brannvaktene som stillte opp, og som raskt etablerte beredskap ved hjelp av satelitt-telefon og jaktradioer. Otnes fortalte at fylkesmannen også var imponert over organiseringa og kor godt dette hadde fungert.
Les heile saka
Kulturkalenderen for Surnadal kulturhus er klar, og den inneheld mange godbitar for den som er kulturinteressert. I tillegg til kino kvar onsdag, fredag og søndag, har dei mykje anna å tilby. Vi kan nemne: Laurdag 12. kl 13.00 er det opning av kunstutstillinga Vintersyn i Finstuå. Her er det Kristian Finborud frå Voss som er utstillar. Med teknikker som etsning og aquatint, har han blitt kjent for sine humoristiske motiver, karikaturer av norsk folkesjel, så vel som landskapsskildringer.
Les heile saka
Torsdag 3. januar er det klart for første opningsdag i bibliotetet, melder Karen Johanne Talgø. Todalen filial er open kvar torsdag frå kl 18.00 – 20.00 for utlån av bøker, lydband og filmar. Ho ønsker alle godt nyttår til alle, og håpar at både store og små er flike til å bruke biblioteket i 2013 også. Biblioteket er ope i skulåret.
1. nyttårsdag nytta mange å ta turen på den supre isen på Bordholmen. Her fekk både gutar, jenter, menn og falma kunsløpsentusiastar fart på seg. Isen som vart anlagt før jul var i tipp topp stand og leiken var like fornøyeleg for liten og stor. Og på sidelinja var sekkar med kakao og kaffe tilgjengelege når føtene vart litt slitne. Idrettslaget har kjøpt inn nokre køller som står til utlån nedpå der, om nokon vurderer å driste seg på ein ishoocheykamp ein gong.
Les heile saka
Marita Nordvik Bruset har sendt oss nokre fine bilder som ho har teke på nyttårsaften. Ho skriv ikkje kvar bilda er tatt, men fine er dei.
Les heile saka
Da har vi kommet over i eit spilder nytt år, og vi i redaksjonen ønsker alle våre lesere, brukere og ikkje minst bidragsytarar i 2012 alt godt i det nye. Vi går med blikket retta inn mot vårt fjerde driftsår her på todalen.no, mykje takka være bidrag og positive tilbakemeldinger nettopp fra dere «der ute». Vi […]
Les heile saka
I kveld avslutta Terje Nordvik sitt 100-årsjubileum for nærbutikken her i Todalen L. Hals. I anldninga hadde han lyssett autovernet med fakkelboksar heilt frå Todalshaugen og bortom Yttre Drivå.
Todalen.no vart naturlegvis utbedt til å sjå på, og må nok rett og slett skryte, for det var utruleg stemningsfullt. Som dei fleste hugsar, så åpna han 100-årsjubileet med eit heidundrande fyrverkeri på Bordholmen på nyttårsaften i fjor.
Les heile saka
Nokre få todalingar er litt meir varmblodige av seg enn andre. Dette har redaksjonen fått bildebevis på no i ettermiddag. Hardhausane skriv i ein epost: Godt nyttårsaftenbad!
Les heile saka
Det har vore stor trafikk på Todalen.no i jula. Trøbbel med telefonforbindelsen inn til Todalen har nok sett ein ekstra spiss på besøksfrekvensen, i tillegg til julerevy og romjulsmarsj. Romjulsmarsjen har i skrivande stund passert 600 treff sidan 4. juledag. Hittil i år er det registrert over 272.000 besøk på nettsida, som er ei auke på 26,5 % samanlikna med 2011. Det er tal som redaksjonen godt nøgd med.
Les heile saka
Det var nok ei fornuftig avgjerd å utsette Romjulsmarsjen til 4. juledag, for gårdagens snøfokk hadde nok gjort dørstokkmila lang for mange. 4. juledag var det prima forhold for den 6 km lange turen rundt bygda og trimgruppa er godt nøgd med at 124 registrerte seg for rundturen og vart servert varm gløgg eller kakao som varma godt i det kalde vêret. Det blir tross alt litt kald når gradstokken kryp under null, sjølv om det berre var 4-5 kuldegrader i lufta. Todalen.no tok turen rundt bygda med kamera, og resultat finn du i eit galleri nedafor.
Les heile saka
Da er telefonforbindelsen kommet tilbake til Todalen igjen. Kvar feilen har vorte retta har vi ikkje fått orientering om, men i følge ein epost fra informasjonssjef Anders Kroken i Telenor, skal dei angiveleg ha sendt folk til Strengen for å sjekke ut forholda der på føremiddagen i dag.