Snart er det tid for lansering av årsskriftet for året 2023, det skjer i Todalen ungdomshus søndag 12. november.
Les heile sakaSpenstig førjulsprogram på Todalshytta
Allereie i ettermiddag er det balldag på Todalshytta – den er tillyst før og startar serveringa kl 15 og held på til kl 18. Men det skjer også andre ting som vi kan gle oss over – mellom anna Thaiaften som blir arrangert laurdag 11. november. Siste helga på november – fredag 24. november er det enno ledig nokre plassar som passar for enkeltpersonar eller små grupper.
Les heile sakaKløverturar både i ruskever og godver
Veret i oktober har vore av det ruskute slaget med mykje regn og kald auståvind, ja til og med snøbyger. Men kvar måndag har ein trufast gjeng gått kløvertur, og kvar måndag er turane vore avslutta med kaffekos i Kaffekroken.
Les heile sakaTrim på Frivilligsentralen på Skei
Trimgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 26. oktober klokka 10:00 til ny innetrimøkt på Frivilligsentralen på Skei. Denne trimsesongen har pensjonistlaget fått med seg fysioterapeut Emil til å leie trimmen.
Les heile sakaTodalshytta: Ny balldag på tysdag
Dyktige gjetarar fikk prøve seg (oppdatert)
Søndag vart det arrangert distriktsprøve for gjetarhundar på treningsområdet ved Nordholten. Det var Midtnorge gjetarhundlag som stod som arrangør, og det var både godkjenningsprøve for gjetarhundar og konkurranse dem i mellom – altså kunkurranse i både klasse 1 og klasse 2.
Les heile sakaInviterer til «Felles middag» onsdag 25. oktober
Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 25. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile saka«Fullstendig ubrukbart» er i god rute
Søndag føremiddag stakk vi innom kulturhuset for å sjå og høyre om Svarraberget Teaterlag og deira aktivitetar. I Storstua var det fullt liv og her pågjekk det danseøvingar på scena, og jammen svinga det godt rundt denne gjengen som vart leia av Stine Valde. Det er no knappe 3 veker til premieren, så det blir nok ei travel tid framover for gjengen i Svarraberget. I år skal det være 2 førestillingar, 10. og 11. november, og det er nok berre å sette av tid og gå til innkjøp av billettar, for dette såg bra ut.
Les heile sakaDriftsproblem på Kvanne – Rykkjem
I morgontimane er det driftsproblem på ferjestrekninga Kvanne – Rykkjem. Meldinga frå Fjord1 kl 10.16 lyder kort og godt: «Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna driftsproblem vert sambandet innstilt inntil vidare». Frå kl 12:00 er det igjen normal drift i sambandet!
Kløvertur i Kvennsetliene
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaSvorka-konkurranse utsett for svindelforsøk
Dette skriv Svorka i dag på ei pressemelding vi har fått. Denne veka opplevde Svorka å få Facebook-kontoen sin misbrukt i eit svindelforsøk. I samband med ein konkurranse dei har hatt på Facebook-sida si den siste tida, så har fleire av deltakarane i konkurransen opplevd at nokon, som gav seg ut for å vere Svorka, har teke kontakt via kommentarfeltet, og ba om at konkurransedeltakarane klikka på ei lenke og registrerte seg, for å ikkje bli kansellert som vinnar.
Les heile sakaBygg Reis Deg 2023 – mange på byggvaremesse
Denne veka pågår Noregs største byggvaremesse – Bygg Reis Deg 2023 i Nova Spektrum på Lillestrøm. Her er nærast heile byggebransjen samla, med 380 utstillarar og 30-40.000 besøkande i løpet av messa som pågår i perioden 18. – 21. oktober. Messa er opa for både profesjonelle og private, og Talgø er sjølvsagt ein av utstillarane.
Les heile saka