Det er no fine forhold i alpinsentret og anlegget er for lengst kome i gang med drifta. I jula har det vore opningstider tilpassa skulefri og ferie, men no er ein i gang med ordinær opningstid. Det vil seie at anlegget er ope alle dagar unnateke tysdag og fredag. På kvardagar er opningstida 18-21, medan det på helg er ope 11-16. Opningstider kan avvike grunna vær- og føreforhold. Sjå oppdateringar på alpinsenterets Facebookside
Les heile sakaEM i Flaine/Chamonix: På tur ut i verda
EM I Randonee blir i år arrangert i Flaine/Chamonix i Frankrike i perioden 8. -12. januar. Trollheimen fjellsportklubb har i år med 3 deltakarar, og no er dei på tur, og her er dei knipsa da dei var på tur til innsjekkinga på Gardermoen i dag. Flyturen går vidare til Genève sammen med resten av delegasjonen frå Noreg.
Les heile sakaKallar inn til årsmøte
Idrettslaget Søya kallar inn til årsmøte i klubbhuset på Søyabanen tysdag 20. februar klokka 19:30.
Les heile sakaÅrsmøte i Laget Vårsøg/Vårsøghelga
Laget Vårsøg/Vårsøghelga held årsmøte på Surnadal kulturhus onsdag 7. februar kl. 19:30.
Les heile sakaGodt nytt for pendlarane – siste avgang frå Rykkjem blir utsett
Som kjent foregår det arbeid på fergekaia på Kvanne, eit arbeid som fører til at siste avgang frå Rykkjem går klokka 22:05, ei avgangstid som gjer at pendlarane har store problem med å nå ferga, eller rettare sakt, ikkje når den. Da er alternativet å køyre om Kanestraum – Halsa, noko som forlengar turen med fleire mil og tek mykje lengre tid.
Les heile sakaDet er nokon som har det verre enn vi!
Handelsmann Nordvik sitt med Adresseavisa for 3. januar, og les om Joker Røyrvik som gikk konkurs ein av dei siste dagane før jul. Handelslekkasje er ein av grunnane til konkursen, men i fjellbygda Røyrvik er også grensehandelen eit problem. Røyrvik har i overkant av 400 innbyggarar, og hadde berre ein butikk, så når den gikk konkurs mista dei egentleg alt – butikken, medisinutsal og posten – i tillegg til eigedomsselskapet for butikklokalet. Strakshjelpa frå Røyrvik kommune var å sette opp buss til Namsskogan, slik at folk skulle få handle til jul.
Les heile sakaLandvindsvêr: – Rokk og fokk og is
Dei siste dagane har det vore landvind med fokk og rokk – gradstokken viser i dag 5 kuldegrader, men vind gjer at det kjennes som 11 kuldegrader skriv yr.no i si vêrmelding. Ein liten rundtur i dag tidleg viser oss at det faktisk er slik. Og vind skal det bli i fleire dagar, så vi får berre være glad at ikkje all snøen er laussnø – da ville det bli skikkeleg snøfokk. I meldinga til yr.no er det meldt vind i 5 m/sek og med 15 m/sek i kasta.
Les heile sakaJusterer rutetider – Tek hensyn til pendlarane
Fjord1 tek hensyn til pendlartrafikken og arbeidet på ferjekaia på Kvanne – frå onsdag 3. januar 2024 blir det endra rutetider skriv dei i ei melding til Todalen.no:
Les heile sakaMedlemsmøte i Todalen sanitetsforening
Todalen sanitetsforening ønsker alle eit riktig godt nytt år!
Les heile sakaGodt nyttår! …. og takk for det gamle!
Når vi står ved inngangen til eit nytt år, så er det naturleg å stoppe opp og sjå seg tilbake. Vi i Todalen.no har lagt ut 1018 saker så langt i 2023. Det er omtrent det same talet som i 2022, og viser vel at vi henger godt med, når vi no siktar oss inn mot det nye åreet 2024. Vi har i gjennomsnitt 12-1300 besøk på sida kvar dag, og det viser at det er stor interesse for både store og små nyheiter frå Todalen – langt utom Todalens grenser!
Les heile sakaTankevekkande og stemningsfull Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje
På ettermiddagen i dag inviterte Todalen Sokneråd i tradisjonen tru til nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Kjell Gunnar Polden har sendt oss ei lita sak om gudstenesta, som du kan lese nedanfor:
Les heile sakaKonvoi på Surnadal kino
Dei «Bukkene Bruse i badeland» okkuperte det meste av kinoframsyningane til Surnadal kino i romjula, men no får alle sjansen til å sjå den særs kritikarroste norske krigsfilmen «Konvoi» Filmen tek for seg eit katastrofalt militært feilgrep frå 2. verdskrigen, der ein konvoi av transportskip på veg frå Island til Murmansk får ordre om å splitte seg opp og gå på eigen hand vidare.
Les heile saka