Partisekretær i AP, Raymond Johansen, besøkte Surnadal torsdag. Ordførar Mons Otnes og nokre lokale politiere tok han med på ein rundtur i Surnadal, og mellom anna stod MøreTre, Byggmakker og Hageland på besøksplana i tilleg til landbruksbesøk på Heggsetgjerdet og til slutt fotballskulen med Ole Gunnar Solskjær på Syltøran.
Les heile saka
Vi parkerte bilane ved det flotte klubbhuset til IL Søya og gjekk opp til Søyset, som tidleg på 1800-talet hadde vore embetsgard til futen. I dag har Lene Søyseth ansvaret for 12 hobby- og tråvhestar. Den mest kjende av dei er 4-åringen Kaiser. Langs vegen opp frå Søyset minte nokre hol innover fjellet om førsøket på gruvedrift, som eit engelsk firma gjorde tidleg på 1900-talet. Etter kvart går skogsbilvegen over til traktorveg, før vi dei siste metrane fram til Mulneset følgjer ein idyllisk sti.
Les heile saka
I går var det heimekamp for det unge G14-årslaget Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen mot KFK. Krisstiansunderane tok leiinga heilt frå starten og vart nok litt i sterkaste laget for det unge mannskapet som stort sett består av 1. års G14-spelarar. Etter endt vårserie vart det ein sisteplass i pulja. KFK tok førsteplassen.
Les heile saka
Det nærmar seg full flor i arboretet. Varmen dei siste dagane har gjort at det no nærmar seg toppen av rododendronblomstringa i arboretet. På grunn av den seine våren har det til no gått treigt, men no er det kome full fart i blomstringa. Sist helg var det også veldig bra med besøk i arboretet, og har du planer om å få med deg blomstringstoppen vil vi anbefale at du tar turen til Svinvika.
Les heile saka
Siste laurdag og søndag var det stort ridestene på Elverhøi i Sunndal, med Sunndal Rideklubb som arrangør. Med fullada kamera stakk Todalen.no innom for å sjå korleis dette gikk føre seg. Der var det mange flotte hestar og staselege ryttere som dreiv med sprangridning etter nærare fastlagt program. Det var mange klassar, som alle hadde forskjellig program og vanskelegheitsgrad og jammen var vart vi imponert både over hestane og ryttarane.
Les heile saka
Det blir lokalderby på Bordholmen lørdag 1.juni kl 15.00, for da kommer A-laget til Bøfjord til Bordholmen. Fotballkampen er nemleg flyttet fra Leikarvollen til Bordholmen. Kiosken er åpen som vanlig, melder Knut Bergli i fotballgruppa i Todalen I.L.
Fjord1 melder at ferjesambandet Kvanne – Rykkjem no har vanleg drift, til tross for at vegen i Ålvundfjorden enno er rasstengt.
Måndag morgon starta vi opp med konsert ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter. Musikkgruppa Ècole Creolè gjesta oss med ein flott konsert. Gruppa Ecole Creole består av tre musikarar med tilknyting til New Orleans: Tricia Bouttè-Langlo, Paul David Longstreth og Kåre Nymark. Dei presenterte eit samansett program med song og musikk med ingrediensar frå den karibiske, […]
Les heile saka
Eit stort leirras sperrar vegen ved Levika i Ålvundfjorden. Vegen er forventa å bli stengt til tysdag, og ferjesambandet Kvanne – Rykkjem er innstilt inntil vidare, skriv NRK Møre og Romsdal på siden nettsider. Raset har gått i eit anleggsområde ved Levika i Ålvundfjorden. Her kan du lese kva Driva.no skriv om saka.
Dei siste åra har Todalen I.L. og I.L. Søya hatt eit samarbeid med Norsk Laksefestival om vakthald under Laksefestivalsen, fortel ledar Karin Halle i TIL. Slik blir det i år også, og dette gir klubbane ei god inntekt, som dei deler etter timetal mellom dei to klubbane. Dersom du har spesielle ønskje om kva kveld du helst vil ha slik vakttjeneste kan du ta kontakt med Karin Halle så vil ho prøve å ta hensyn til det.
Les heile saka
Denne uka er det smått med hjemmekampene. Kun to er å se i følge banekalenderen, for henholdsvis G12 og G14. Begge kampene går på Søyabanen onsdagkveld. G12 møter Straumsnes Rød kl 18 på Banksletta, mens G14 møter KFK kl 19 på Søyabanen.
Les heile saka
Da kan Halsa IL puste letta ut og nok ein gong gratulerast med vel gjennomført Halsa cup 2013. 8 G12 lag møttes på Halsa stadion til fartsfyllt fotballmoro ispedd litt alvor. Alle lag spela tre innleiande kampar før 2. plass i kvar pulje møttes i bronsefinale og vinnarane i kvar pulje kom til finalen.
Les heile saka