Surnadal kommune har allerede i dag satt inn minibuss som går i skytteltrafikk mellom Matkoken/Talgø og Todalen Brygge på Todalsøra i forbindelse med at fergeleiet til MS Førdefjord snart skal oppsettast. Ingen har fått beskjed om dette på forhand, så det hadde vore litt forvirring dei første avgangane etter at dette kom i gang kunne minibuss-sjåfør Dordi Settemsdal smilande fortelje.
Les heile saka
Statens Vegvesen melder no om at planlagt vannbombing i dag klokka 16.00 og utover, er utsatt til i morgon torsdag klokka 13.00. Dette på grunn av at helikopteret frå Airlift er forsinka i eit anna oppdrag i Nordsjøen.
Surnadal kommune endrar litt i rutetidene til MS Maursund frå og med i kveld kl 21.00. Om det er behov for oppdrag for spesielle kjøretøy, eller ekstra turar på grunn av stor trafikk er det berre å ta kontakt med kaptein Ken Bjørnar Johansen på MS Maursund, mobil 47 87 71 93.
Les heile saka
Surnadal kommune har i kveld sett opp følgende nye rutetider på hurtigbåten Tollesund. Rutetider gjeldande frå onsdag 7. august og fram til ferga MF Førdefjord kjem i drift
Les heile saka
Det er slutt på rasjoneringa av drivstoff ved HalsOils. Tysdag kom Vegard Mogstad frå Midtnorsk Olje AS med ein full tankbil med drivstoff av alle slag. Han måtte ha ekstratur med billbåten Maursund på grunn av bensinlasten han hadde ombord. No er det slutt på rasjonering av drivstoff, og dermed muleg å fylle full tank igjen.
Les heile saka
Statens vegvesen kom i dag med ei henstilling til alle som har tenkt seg til å overvære renskinga av raset i morgon frå 16.00 og utover: HALD AVSTAND, både på land og via sjøvegen!!
Les heile saka
Statens Vegvesen melder nå i ei pressemelding om at arbeidet med å renske rasstedet startar på ettermiddag i morgen, onsdag. Dette er den klart mest effektive måten å renske opp på, men kan desverre medføre at Todalen kan bli utan strøm ein kortare periode. Svorka vil under dette arbeidet være i beredskap på begge sidene , skriv dei i ei pressemelding no i kveld.
Les heile saka
På Bordholmen er det i dag funne ein mobiltelefon. Ta kontakt med Matkroken L. Hals for å få den att!
Surnadal Røde Kors har fått oppdraget med å dirigere trafikken i Svinvika i forbindelse med rutegående skip MS Maursund. Surnadal kommune, i samråd med lensmann Per Gjeldnes såg på eit tidleg tidspunkt at ei dirigering av ombordkjøyring av nyttekjøretøy og personbilar måtte være på plass.
Les heile saka
Frå tysdag blir det følgende rutetider for landgangsfartøyet;
Frå Todalen
Kl 06.30, 08.30, 10.30, 15.30, 17.30, 19.30 og 21.30
Frå Svinvik
Kl 07.30, 09.30, 11.30, 16.30, 18.30, 20.30 og 22.30.
Skipperen på MS Maursund opplyser at dei har problem med å legge til i Todalen på full fjære, slik at det kan bli avgangar som må strykast. Følg med på tidevannstabellen. Det var fjære kl 17.29 måndag kveld
På NRKs lokalsending fra Møre og Romsdal blir det i kveld eit par innslag frå Todalen i sendinga. Lokalsendinga startar kl 18.40, og varrer fram til kl 19. Da gjeld det å ha TV’n innstilt på NRK Møre og Romsdal, seier Eirik Haukenes frå NRK. Haukenes er til dagleg stasjonert hos NRKs kontor i Kristiansund. Dei siste dagane har han vore i Todalen og sørga for dekning frå det som har skjedd her.
Gjekk du glipp av sendinga, kan du sjå den på nett-tv her.
Til neste veke skal det nye, midlertidige ferjeleiet være klart til å tas i bruk. Måndag kom det første av utstyret på fleire vogntog, og vart lossa med ei stor mobilkran på Rykkjem. Det blir så frakta sjøvegen inn til Todalen. Vi kjem med meir informasjon etter kvart som den nye ferjekaia tek form.
Les heile saka