Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterte til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. april. Da Elinor Bolme ønskte vel møtt, var aulaen på Surnadal vidaregåande skule rett og slett stappfull! Dette var heilt klart eit tema som engasjerer og er av stor interesse.
Les heile saka
På Gammelfabrikken i Brusetmarka trefte vi 3 damer som var på utplassering. Dei tre går i 9. klasse på Surnadal barne- og ungdomsskule, og denne veka er dei altså på utplassering på Talgø. I dag var dei altså på jobb på Gammelfabrikken i lag med Anita Talgø. – I dag var jobben å rydde opp i den gamle soveromsavdelinga og flytte over til den nye historiske avdelinga som er under arbeid.
Les heile saka
Søndag 28. april klokka 16 lagar Koret Prosjekt 17, gruppa triOpera, Turid Røen Kroknes og fleire Vårsongfest på Bøfjorden Grendahus. Og her skal songen – ikkje minst allsongen – stå i taket! – Det er ei kulturell kjernesak dei bokstaveleg slår til lyd for – å halde songen høgt! Mange tykkjer at skulen og samfunnet har svikta her. Men folk vil jo synge – og kan jo synge!
Les heile saka
Kløverturen 15. april gjekk etter Gammelvegen, og den 22. april var det tur frå Bruset med rundtur om Fosstrøinn og Hengebrua. Og båe måndagane var det sol og godver.
Les heile saka
På vår runde rundt bygda trefte vi iallfall på 2 sikre vårteikn. Jenstad Maskin var i full gang med å plukke inn brøytestikker på fylkesvegane. Det vil seie fylkesvegane rundt bygda til Brusetkrysset og utover til Todalskrysset
Les heile saka
Fredag 26. april, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!
Les heile saka
I helga har det vore sesongslutt for randonee-sporten. Erik Kårvatn har delteke i det legendariske patruljeløpet «Patrouille des Glaciers» saman med kameratane Finn Høsch frå Tyskland og Oriol Olm Ruppert frå Andorra. Dei 3 gjekk på same 3-mannslag, og var ikkje snauare enn at dei hamna på toppen av seierspallen for sin klasse.
Les heile saka
Bra oppmøte til søndagens gudsteneste i Todalen kyrkja, med vikarprest Torbjørn Brøske på talarstolen og Bernt Bøe som vikar på orgelkrakken. Som vanleg var det bra salmesong i kyrkja, og gudstenesta starta egentleg med at Torbfjørn brifa menigheita litt om salmesongen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterer til ope møte om kvinnehelseproblem. Det skjer tysdag 23. april kl. 19:00 i aulaen på Surnadal vidaregåande skule.
Les heile saka
Onsdag 17. april hadde Surnadal Pensjonistlag invitert sine medlemmar til medlemsmøtø i kantina på Surnadal sjukeheim.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til kløvertur måndag 22. april. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Nasjonalforeningen for folkehelsen Surnadal demensforening og helselag inngår samarbeid med Treffast Surnadal. Hovedmålet er å få til mere aktivitet sammen med alle som er ledig på dagtid. Å gå en tur i hyggelig lag bidrar til å bygge god folkehelse og er en fin aktivitet, sier leder i foreningen Liv Botten til Todalen.no.
Les heile saka