Det gjekk nærast i stå, men med litt drahjelp frå Mari Redalen er vi på nett med blogginnlegga frå utflytta todalingar igjen. Med Mari som god støttespelar reknar vi med at spalta blir av det regelmessige slaget. Årets første kandidat er Merete Hysby.
Les heile saka
Gjensidige gir igjen
Gjensidige Surnadal har atter ein gong bidrege til tryggleik i nærmiljøet vårt. Siste givargleda deira er ein splitter ny hjertestartar til Surnadal trening- og velværesenter. Det har i den seinare tid vore fleire hendingar som ein har kunne lese om der liv har gått tapt i forbindelse med trening. Både av unge, eldre og ikkje minst godt trena personar. Fleire og fleire lag, organisasjonar og bedrifter rundt om har gått til anskaffelse av livreddande hjertestartar.
Les heile saka
Dagens formann har lang fartstid
Ragnar Halle har for ei lita stund sidan sendt oss eit blide får 1956, teke på trappa på hovedhuset på Kårvatn. Bildet viser 16 medlemmer i Todalen sanitetsforening og fire ungar som også fekk være med på fotoseansen. Ragnar er ein av dei og står ytst til venstre, i lag med Dordi Jorunn Halle, Maren […]
Les heile saka
Årsmøtetid
Vi er no inne i ei tid for gjennomføring av årsmøter i dei ulike lag og organisasjoner. Todalen.no er intet unntak, og vår årsmøtedato er sett til onsdag 5. mars kl 20 i Todalen Ungdomshus. Her er det ordinære årsmøtesaker og eit lite tilbakeblikk på nyheitsåret 2013 som står på plana etter at årsmøtet er gjennomført.
Les heile saka
Todalsøra i gamle dagar
Todalen.no er så heldig å få lov til å få dele bilder frå Todalen historielag sitt rikhaldige bildearkiv. Erfaringsmessig veit vi at gamle bilder fenger, derfor set vi stor pris på at historielaget vil stå som bidragsytar med jamne mellomrom framover.
Les heile saka
Stem på månadens bilete for januar
Nytt år, ny månad og nye kandidatar til månadens bilete. Vi er klare for avstemninga av månadens bilete for januar, som vinner årets første termos.
Les heile saka
Russeexpressen i rute
Det nærmar seg vår igjen og tradisjonen tro blir det russerevy i år også. Denne gongen er det 2014-russen som er klare til å innta scenen i Surnadal Kulturhus sist på februar.
Dette kullet består av mange spreke ungdommar, deriblandt fem spreke jenter fra Todalen som skal være med på årets revy.

Terje vann Publikums hederspris
Terje Nordvik stakk i kveld av med hovedprisen under Idrettens festkveld i Surnadal Kulturhus. Vel 100 fremmøtte til Idrettsrådets arrangement var kanskje i underkant av kva arrangørane hadde håpa på, men dei som tok turen fekk bra underhaldning og prissetting av mange som hadde gjort ein innsats i dei 13 idrettslaga i Surnadal kommune 2013.
Les heile saka
Til Nauståfossen i joggesko
Aldri har det vel vore finare forhold for å avlegge Nauståfossen på Kårvatn eit besøk. På eiga anbefaling tok vi turen laurdag, og frå parkeringsplassen på Kårvatn tok vi turen over brua og innover Myrvangvegen og turistlinja. Vanlige joggesko gjorde jobben godt, sjølv om det kanskje hadde vore betre med fjellsko. Stort sett var det barmark på turen […]
Les heile saka
Dagens OL-frie sone
I dag er det strikkekaffe i Sanitetshuset mellom 14 og 17, og det loves bortimot OL-fri sone. I allefall uten TV-sendinger.
Det blir som vanlig kaffe og enkel servering pluss ei lita utlodning med litt strikkerelaterte gevinster.

Alder slettes ingen hindring
Surnadal trening- og velværesenter lokker ALLE til trening og trivsel i sine lokaler på Skei. Dette har over lengre tid resultert i full fart og ventelister på gruppetimer spesielt på dagtid på senteret. Da er majoriteten godt voksne, både damer og menn som har skjønnt at trening gir energi og bedre helse.
Les heile saka
Laurdag: Cafe på Kårvatn Fjellutstyr
Laurdag blir det trivselsinnslag med cafè på butikken til Kårvatn Fjellutstyr. Ingvild kan by på lun eplekake, oreokake og ingefærte m/Gjeldneshonning – i tilegg til en kaffekopp. Vil du ha fullt utbytte av turen kan du ta med litt ekstra klær og solide sko, og kombinere turen med ein visitt til Nauståfossen i finvêret!