Tru om det ikkje er var årets første solgløtt på Kvennset i dag? Det har vore sagt at første dag med sol på Talgø-fabrikken er 21. eller 22. -alt etter om det er skottår eller «vanleg» år. Først ute for å få sola er nok Todalshaugen og så Sissigrenda. Vidare kjem nok sola vidare oppover bygda og til Husbygrenda den 27. eller 28. januar. Her har vi ikkje sett sola sia midten av november. Endeleg går det mot lysare tider!
Påminning: Stem på årets bilete 2023!
Fra tellekorpset kan det meldast at det er svært tett i teten og få stemmer som skil topp fire av kandidatane som er med i kampen om den høgthengande og gjeve tittelen årets bilete 2023. Det er berre å finne sin favoritt og tastaturet for å avgi stemme! Og det før midnatt søndag.
Les heile sakaNyttårsfest for eldre – populært tiltak
Surnadal demensforening og helselag inviterte til nyttårsfest for eldre torsdag ettermiddag og kveld. Liv Botten som er mangeårig leiar i foreninga var spent på om det vart nokon respons på invitasjonen, men der tok ho feil. Da fristen for påmelding var ute hadde ho over 80 namn på lista, og da var det berre å trø i gang i samarbeid med Thon Hotel Surnadal.
Les heile sakaTekne av snøras – men det gjekk heldigvis bra!
På søndag hadde brørne Martin (20) og Håvard (22), saman med kompisen Ruben (22), alle tre frå Trondheim, bestemt seg for å ta ein skitur til Strengen. Da dei til parkeringsplassen på Vang, fekk dei sjå Sula, og sia det såg ut som ein meir krevjande skitur, valte dei å sette seg i bilen att og køyre til Nordvik. At dette valet skulle innebere ein skitur av det dramatiske slaget, var det ingen av dei tre som tenkte på da køyrde innover til Nordvik. Dei parkerte på parkeringsplassen på enden av Blomlivegen ved inntaksdammen, og starta på turen opp til Sula.
Les heile sakaGunn Marit Nisja med «Gullungen»
Sunndalingen kom med sin sjette roman før jul og vil presentere innhaldet i denne på Surnadal bibliotek tysdag 30. januar klokka 19.30. «Gullungen» er, etter kva ho sjølv seier, «ein roman om søskenkjærleik, tjuvfiske og utanforskap i den vesle bygda Grodal», og krydrar historia med mykje materiale henta frå eigen oppvekst på Nordmøre.
Les heile saka«Kaffekrokens venner» startar opp med trim på Hett & Svett
«Kaffekrokens venner», som har fast dagleg oppmøte i kaffekroken på Matkroken Todalen, har bestemt seg for å starte opp med trim på Hett & Svett kvar onsdag, frå klokka 10:00 – 11:00. Første trim blir onsdag 31. januar.
Les heile sakaMykje vatn som skaper utfordringar
Regnet dei siste dagane har ført til både store dammar og inntrenging i både kjellarar og bygg. Heldigvis har det vore opphaldsvêr det siste døgnet, så no er vatnet på retrett. Ein av plassane som har fått føling med vassmengdane er på Todalen kyrkjegard, der synkebrønnen var frose til da regnvêret stod på som verst.
Les heile sakaKvanne – Rykkjem: No er det normal drift
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna teknisk feil har sambandet vore ute av drift tysdag kveld. No er det normal drift igje, melder Fjord1.
Balleik i gymsalen onsdag
Onsdag 24. januar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.
Les heile sakaLegevakta på flyttefot
Den interkommunale legevakta i Orklandsregionen, som Surnadal kommune er ein del av, flyttar inn i nye lokale frå og med torsdag 1. februar klokka 15.30. Ny adresse er Tunvegen 15, 7320 Fannrem. Legevakta vil fram til torsdag 1. februar klokka 08:00 vere lokalisert i dagens lokaler, og flyttar altså til Fannrem klokka 15:30 same dag.
Les heile sakaKveld med fokus på eldreomsorg og velferdsteknologi
Det var egentleg Surnadal pensjonistlag som inviterte til miniseminar om eldreomsorg og velferdstenologi måndag kveld. Helge Røv hadde vore på kurs om temaet og smidde medan jernet var varmt. Saman med omsorgs- og helsepersonell vart det ein interessant kveld for ein nærast fullsett Svorkasal på kulturhuset.
Les heile sakaTrollheimsutstillinga – og dei som laga kulissane
Før helga hadde vi ein liten omtale om Trollheimsutstillinga og arbeidet som no har starta på for å montere dyra og kulissane på Gammelfabrikken. Vi kjente ikkje så godt til historia om korleis utstillinga vart til og kven som stod bak. Saka vi laga har hatt mange lesarar, og vi har faktisk fått tilbakemelding som har kjennskap og ikkje minst bilder frå Utstillinga vart laga i 1990. Det sett vi stor pris på og vi vil gjerne ha meir informasjon om korleis den vart til og kven som var med.
Les heile saka