Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullt hus på kaffeslabberas oppi Skulstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. august 2023

I går inviterte Venner av Skulsuå i Todalen til kaffeslabberas i Skulstuå. Vi har fått ei ein rapport frå Venner av Skultuå i Todalen, som du kan lese nedanfor. Den fortel om eit vellykka arrangement med mykje folk.  

Les heile saka

Ekstremvêret Hans er på veg – er du førebudd?

Jon Olav Ørsal Sundag 6. august 2023

I alle media informeres det om ekstremvêret «hans» er på veg over Sør-Noreg.  Det er ekstreme mengder med regn som er venta og det er stor fare både for flaum og jord/steinras. For Surnadal kommune er det orange ekstremfare.

Les heile saka


Medaljehaust i i VM i Gran Sasso – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 6. august 2023

Aron Rodal Haugen kom i mål på nest beste tid under VM i Skyrun i Gran Sasso i Italia.  Litt av ein prestasjon etter 13,9 km i den i den krevjande løypa og med 27 deltakarar i klasse A, som er yngste klasse.  Søndag er siste VM-dag i Gran Sasso, og Erik Kårvatn som er den andre VM-deltakaren frå Trollheimen Fjellsportklubb deltek i klasse C, og han kom på ein 12.-plass i den 21,6 km lange løypa i hans klasse.

Les heile saka

Deltek på VM i Italia

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. august 2023

Saman med det norske landslaget er Aron Rodal og Erik Kårvatn på plass for å delta i VM i Skyrunning. VM arrangerast i Gran Sasso i Italia i perioden 4.-6. august, og her er det deltakarar frå 31 land. 

Les heile saka


Byr på gratis ferge til Smøla

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. august 2023

Frå 16. august blir det fleire ferjestrekningar som blir gratis for trafikkantane – mellom anna ferja til Smøla som går frå Sandvika til Edøya.  Tidlegare er ferja mellom Hendset og Arasvika gratis, medan du framleis må betale for ferja mellom Seivika og Tømmervåg.  Men kjem du altså frå «indre» så er ferjeturane gratis til Smøla – og har du ikkje vore på Smøla så er det så absolutt verdt å ta turen.

Les heile saka

Bli med Fjellgruppa til Mogstadsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. august 2023

Tirsdag 8. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Mogstadsetra. – Der kan vi gå inn og sitte tørt med matpakkane våre, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.  

Les heile saka

Inviterer til forsvarshistorisk sommartur

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. august 2023

Onsdag 30. august inviterer Nordmøre Forsvarsforening og Nordmøre Brigadeveteranforening sine medlemmer til den tradisjonelle forsvarshistoriske sommarturen, I år går turen til Kvalvik Fort på Frei i Kristiansund. 

Les heile saka

Sesongavslutning i Svinviks arboret i helga

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. august 2023

Tida går fort, i Svinviks arboret er det i helga siste ordinære opningshelg i Svinviks arboret denne sesongen. Så har du tenkt deg til Svinvika, så er du velkommen til å ta turen innom i helga. Arboretet lovar ei triveleg hagestund, med kaffe kake, wienerbrød og is – og meire til. Opningstida er klokka 11:00 – 16:00 både laurdag og søndag.

Les heile saka

Samhald og trivsel på Norway-Cup

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. august 2023

Sist laurdag reiste mange lokale fotballspelarar til Norway-Cup i Oslo. Kampane tok til søndag formiddag, og dei siste finalane blir spela i morgon. Totalt var det 20 spelarar frå Søya/Todalen som sette kursen til Oslo og Norway-Cup. Dei fleste av spelarane frå Søya/Todalen spelar no for Surnadal, men 4 spelarar spelar for Surnadal/Søya G 13 og 3 spelar for Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen G 14. 3 av dei 20 spelarane frå Søya/Todalen er frå Todalen. Alle dei lokale laga er no ferdigspela og spelarane stort sett komne heim. 

Les heile saka