Det har vore mykje sand i kinomaskineriet i det siste, men no er Dune 2 ferdigspelt, og det gjer at det blir plass til mange nye filmar på Surnadal kino! Den danske «westernfilmen» Bastarden går går rett nok enno, og denne veka går den også på dagtid.
Les heile saka
Måndag føremiddag vart lokal presse orientert om at det endeleg av avklara at det blir Midtsommararrangement i Surnadal – det skjer i tidsrommet 20. juni og går fram til søndag 30. juni – altså ei skikkeleg midtsommarfest som går over 11dagar.
Les heile saka
Da er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år. Dei som er registrert med e-postadresse har allereie fått faktura for støttemedlemskap i innboksen, medan dei som ikkje har registrert e-postadresse får faktura i posten i nærmaste framtid.
Les heile saka
Surnadal demensforening og Helselag har hatt årsmøte, og har gjort opp status for eit godt og aktivt år for foreninga. I årsmeldinga som vi har lagt ut lenger nede i teksta har dei oppsummert aktivitetane og sett ord på det dei har gjordt. Bla vidare så kan du lese heile årsmeldinga.
Les heile saka
Todalen bøgdalag inviterer til påskequiz i Todalen ungdomshus onsdag 27. mars (onsdag i den «stille uke») klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.
Les heile saka
Det var god deltaking på dagens gudsteneste i Todalen kyrkje – over førti deltakarar må være bra i det fine, men kalde vêret. Det var Hans Arne Akerø som var vikarprest i dag, medan Bernt Bøe vikarierte på orgelkrakken og Randi V. Bøe var klokkar/tekstlesar.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11.mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Styret i Surnadal Pensjonistlag inviterer til medlemsmøte tysdag 19 mars klokka 15:00 i kantina på Surnadal sjukeheim.
Bengt Eriksson frå Kristiansund kjem og fortel om korleis pensjonen har utvikla seg gjennom tid.
Les heile saka
Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 10. mars klokka 11:00. Hans Arne Akerø er prest, medan Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
I går kveld hadde Todalen bøgdalag invitert til «skottårs-quiz», med Endre Talgø som quiz-master. Han hadde laga ein variert quiz, med både lokale og litt meir internasjonale spørsmål. Sia det var den internasjonale kvinnedagen i går, så hadde han også med fem spørsmål knytta til den.
Les heile saka
Årsmøtet til Todalen I.L. var unnagjort på halvanna time – godt førebudde saker gjorde at møteleiar Elinor Bolme fikk sakene fort unna. Årsmeldingar både frå hovedlaget og gruppene, samt rekneskapen vart godkjent nærast på direkten. Todalen I.L. har i dag 308 registrerte medlemar, og det er faktisk fleire enn vi har innbyggarar i Todalen.
Les heile saka
Fredag 8. mars klokka 20:00 inviterer Todalen bøgdalag til «skottårsquiz» i Todalen ungdomshus. Det blir premiering av dei to beste laga, så bøgdalaget oppfordrar til å kome og bli med på quiz, eller berre ta ein tur for å treffe folk! Det er Endre Talgø som er quizmaster denne gongen.
Les heile saka