Denne helga er det VerdsCup i randonee i Molde og verdseliten av unge løparar er på plass i Romsdalsbyen for å kjempe om poeng og medaljer. Rundt 100 deltakarar frå 17 nasjonar deltek.Frå Trollheimen Fjellsportklubb er det to deltakarar, Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping, og her får dei skikkeleg konkurranse. Det er rundt 100 deltakarar som er samla i Molde med Romsdal Randonee som arrangør.
Les heile saka
Søndag 24. mars klokka 13:00 inviterer Svinviks arboret til podeverkstad. Dette er eit tolbod som passar for deg som er nybegynnar og har lyst til å lære grunnleggjande teknikk for poding av frukttre,
Les heile saka
Stangvik Grendalag inviterer til «påskepub» i Bryå i Bondehuset i Stangvik laurdag 23. mars frå klokka 18:00. Det blir sal av snacks og leskande drikke, da arrangementet har alle rettigheiter. Det er 18 års aldersgrense for å kome inn på «påskepuben».
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 16. mars i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Onsdag kunne Anders Larsen kalle inn pressen for å presentere årets program. Vårsøghelga 2024 kjem i år til å gå over 5 dagar i staden for 4 dagar som tidlegare. Anders Larsen, som er dagleg leiar i Vårsøghelga, er snar til å forklare at det er ikkje ekspansjon i programmengden, men det blir litt betre tid til å gjennomføre det programmet ein har.
Les heile saka
Dei 5 Talgø-pensjonistane har ikkje gløymt gamle kunster. Onsdag hadde dei «okkupert» PU-avdelinga på Talgø, og var i full gang med å montere bord & benkar som skal brukast rundt omkring i bygda. Her var det serieproduksjon, med boring og skruing og «vegvesenbenkane» kom ut på løpande band. Eit tjuetal benkar stod på produksjonsplana, og dei var kappa og lagt på pall ein dag tidlegare, og no hadde dei vore ein tur til Surnadal for å bli royalbehandla. Dermed får dei vel mesta evig liv – iallfall blir det nok 25 års råtegaranti, kommenterer snekkarane.
Les heile saka
Tysdag 19. mars får heimane besøk av konfirmantar og andre med fastebøsser! Alle sokn førebur no storinnsats for Kirkens Nødhjelp. Fredag kveld 15. mars er det «pep-talk». Da held lokalkyrkja inspirasjonstreff på Surnadal vidaregåande. Her deltek konfirmantane, heimane og dei ansvarlege i sokna. Ein viser litt av behovet for nødhjelp og – ikkje minst: At innsatsen gir resultat.
Les heile saka
I kveld var det møte mellom arbeidsutvalet, supplert med bygg- og anleggsleiar i Todalen Idrettslag og styret i Todalen Elveeigarlag, for å drøfte ny leigeavtale for drift av campingplassen ved Bordholmen stadion. Bakgrunnen for møtet var at leigeavtalen som elveeigarlaget har hatt med idrettslaget gjekk ut i oktober i fjor, og at elveeigarlaget hadde teke kontakt med idrettslaget for å få ei eittårig forlenging av denne, slik at det kunne bli campingdrift ved Bordholmen også komande sesong.
Les heile saka
En uke før det braker løs, er arrangørene i SpareBank 1 Nordmøre helt i rute med programmet og logistikken rundt Næringslivsdagen i Surnadal. Det er mer enn 20 år siden dette ble arrangert første gang, og det er så flott å se at påmeldingene strømmer på. Næringslivsdagen arrangerees i Surnadal kulturhus onsdag 20. mars.
Les heile saka
Etter årsmøtet er det nå klart at Todalingen Ola Kvendset tar over roret i Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag. Ola er leder i lokallaget for Rindal og Surnadal, men nå rykker han opp til fylkesleder etter at mangeårig leder Stein Brubæk takker av. Bonde og småbrukerlaget er inne i en brytningstid, og det vil nok bli mye å ta fatt på for Ola i tiden fremover.
Les heile saka
Vi tel ned til den gule høgtida med at bilete Snart påsk, knipsa av Sondre Halset, er månadens bilete i februar. Her er det berre å gle seg til både langborne appelsinar og nok snø på toppane til dei som likar slikt, eller kaffi på kloppa og vårsøg for oss andre.
Les heile saka
Det har vore fint, kaldt og godt ver i fleire veker. Men det har også vore glatte og isete parti i både turstiar, skogsvegar og gardsvegar. Dette begrensar kor Sanitetsforeninga kan arrangere kløvertur. Det er viktig å unngå fall og beinbrott!
Les heile saka