Det vart Ester Karin Larsen som vart den heldige vinnaren av Matkroken Todalens påskekonkurranse i år. Alle som har vore innom butikken har fått gratislodd (Handlelapp med namn), og gevinsten var eit gåvekort på kr 500,- som no er trekt. Ester Karin Larsen var vinnar av gåvekortet. I tillegg vart det trekt 3 trøstegevinstar – 3 påskeegg med påskegodt. Bla om så kan du sjå kven som vart vinnarar av trøstegevinstane.
Les heile saka
Det har nesten lukta svartsvidd bålpølse av tastaturet til krimforfatteren dei siste dagane, men no er det altså klart for første episode av den kortreiste og lokale påskekrimmen som er skrive eksklusivt for todalen.no. Så fram då frendar, her er det berre å ta fatt!
Les heile saka
Basar tysdag i den stille veka er fast tradisjon på Nordvik. Ein fin tradisjon som gjer at fastbuande nordvikgardingar, utflytta nordvikgardingar og hyttefolk kan møtast til hyggeleg prat, mimre eller få nye bekjentskap.
Les heile saka
Gunnøydilten har vore stor suksess kvar gong – skjærtorsdag 28. mars er det igjen klart for eit nytt og fint arrangement – Gunnøydilten går etter Toåa tursti, og har sin base rundt gapahuken i Båthølen. Der er det TILs trimgruppe har tilhald, og som vanleg har dei litt av kvart å by på. Trimgruppas kanelsnurrar er viden kjent – langt utover Nordmøre.
Les heile saka
Buktalar Erik Mogeno kjem til Surnadal kulturhus laurdag 6. april med ein gjeng pratesjuke og frittalande gjester. Showet «Livet med dukker» hadde premiere i 2022 og har vore spelt rundt i landet det siste året. Erik tek med seg publikum på 75 elleville minutt med snodige karakterar, fengande musikk, artige tekster og humor som treff både ungar og vaksne. Showet passar for alle frå 6 til 106, eller 126 også, for den saks skuld.
Les heile saka
Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, frå og med i morgon (onsdag) kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie med tittelen «Eit steinansikt frå sjynå – når kjempar fell, kjem nye».
Les heile saka
Todalen bøgdalag minner om «påskequzen» sin onsdag 27. mars frå klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Quizen tek til klokka 20:00. Det er Sondre Halset som er quizmaster denne gongen. Så har duu lyst til å quize og møte andre i påska, så er ungdomshuset rette staden på onsdag!
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til friluftsgudsteneste på Tjønnmyran 2. påskedag. Å avslutte påska med friluftsgudsteneste har lang tradisjon – først var det på Haugligardane i mange år, men dei siste åra er det gapahuken på Tjønnmyran som har «husa» arrangementet. 2. påskedag startar gudstenesta på Tjønnmyran kl 12, og det er vikarprest Hans Arne Aakerø som er litturg.
Les heile saka
Det er ikkje så vanskeleg å lage nye frukttrær, men det er faktisk ein del knep ein må bruke for å få bra resultat. Søndag var det kurs i poding i Svinviks arboret, og da var det mange interesserte deltakar som meldte sin interesse for å lære faget.
Les heile saka
Surnadal Blades er ein lokal ishockeyklubb med både Todalingar, Surnadalingar og fleire til – søndag var dei i Kristiansun for å prøve isen i Nordvest Arena på tampen av sesongen. Surnadal Blades hadde med seg forsterkningar frå Sagene Puck i Rindal, og kalla seg for høvet for Sagene Blades.
Les heile saka
NM i Randonee har i helga pågått i Lillehammer, og i dag var det full spenning under NM i sprint der både Erik Kårvatn og Aron Rodale Haugen hamna på pallen – på henholdsvis 2. og 3. plass.
Les heile saka
Fredag 29. mars (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Veidekke har bidrege økonomisk til innkjøp av heilt nye startnummer, som vil bli brukt for første gong under «Kjerringdilten» langfredag.
Les heile saka