AR Sjømat AS frå Kristiansund vil tysdag 9. april, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha ny salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt, reker og fisk.
Les heile saka
AR Sjømat AS frå Kristiansund vil tysdag 9. april, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha ny salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt, reker og fisk.
Les heile sakaFørste laurdagen i april inviterte Todalen sanitetsforening til Fredrikkekaffe. Sjølv om sola skein og det var godver, var det heile atten kvinner samla rundt borda i Sanitetshuset.
Les heile sakaVi vel oss april, men først kastar vi blikket tilbake på mars og kandidatane for det beste innsendte bilete denne månaden.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 6. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile sakaDenne helga deltak Talgø MøreTre på «Hyttemessen 2024» på Utstillingsområdet på Hellerudsletta, like utafor Lillestrøm. Denne veka har messesnekkarar frå Talgø vore travelt opptekne med å rigge til messa, og no er det meste av jobben unnagjort, fortel Bjørn Sæterbø som har sendt oss nokre bilder frå innspurten av førebuingane.
Les heile sakaTilsettingsrådet i Møre bispedøme har tilsett Pål Arne Winsnes som sokneprest i Indre Nordmøre prosti. Han skal ha sokna i Surnadal som arbeidsfelt.
Les heile sakaDersom du lurer på kva Veidekke driv med etter vegane i Todalen, så kan vi røpe at det er inspeksjon av stikkrenner og grøter som pågår. Ole Peder Holten er utrusta med kamera, og blokk og blyant for å registrere behov for vedlikehald langs fylkesvegane rundt bygda.
Les heile sakaI dag vart det funne eit gåvekort på Todalsøra – på strekninga mellom brua over Ytteråa (ved Ørskog) og Todalsøra. Gåvekortet har pålydende kr 500 og er utstedt 28. mars. Er du den rettsmessige eigaren, så kan du ta kontakt med Matkroken Todalen.
Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterer til ope møte om kvinnehelseproblem tysdag 23. april kl. 19:00 i aulaen på Surnadal vidaregåande skule.
Les heile sakaFrå og med i går, 1. april til og med torsdag 31. oktober, er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. apil – 20. august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang, som betyr at Surnadal kommune har lengre bandtvangperiode enn det Hundelova seier. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6, og i Surnadal kommune si forskrift om Bandtvang.
Les heile sakaGodt og vel 50 som deltok i påskegudstenesta ved gapahuken på Tjønnmyran 2. påskedag. Yr.no passa på å halde seg innafor vêrmelding, slik at det var opphaldsvêr, men det kunne godt ha vore nokre fleire varmegader. Men soknerådets servering av varm kaffe og varme pølser etterpå kompenserte langt på veg for det.
Les heile sakaNok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Om du sit igjen med like mange spørsmål som svar etter denne delen så er det heilt normalt. Noko må jo være slik som det aillvæg ha vårre. Eller?
Les heile saka