Under Todalsdagen 29. juni, blir det også i år Ræta opp og Mini Ræta. Ræta opp startar klokka 12:30, og i år går inntekta inntekta frå startkontingenten til det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion. Ræta opp har konkurranseklasse og trimklasse, og løpet er rundt 3 kilometer langt. Premie til dei beste i konkurranseklassen, og uttrekkspremiar i trimklassen.
Les heile saka
I går gjekk Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Mogstad og opp til Leikaren. Sytten spreke stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur til Leikaren i det fine turvêret.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 1. juni i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid.
Les heile saka
Trondheim Taekwon-Do klubb, med god hjelp frå Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer frå onsdag til fredag denne veka sommarsamling for seksti pluss i Surnadal. Deltakarane på sommarsamlinga kjem frå taekwon-do klubbane i Trondheim, Selbu, Hustadvika, Molde, Skien og sjølvsagt Surnadal. Deltakarane kom til Surnadal på føremiddagen i går, og skal vere i Surnadal til tidleg ettermiddag i morgon. I tillegg til trening, har det vore god tid til sosialt samvær under sommarsamlinga, noko som er viktig understrekar arrangøren. I kveld tok dei turen til Todalen og Gammelfabrikken der det var grillmat og underhaldning.
Les heile saka
På Todalshytta setter dei ekstra pris på det fine sommarvêret. Fredag kveld tenner dei på storgrillen og inviterer til grillkveld med mykje godt på grillen. Kultur blir det og, for Johanne Holten frå Surnadal vil underhalde med song og musikk utover kvelden. Det blir start kl 18, og YR.NO byr på finvêr og varme utover kveldet, fortel Arve Evensen på Todalshytta.
Les heile saka
Laurdag 29. juni inviterer Todalen Idrettslag til den 32. Todalsdagen på Bordholmen stadion. I går var leiarane i dei forskjellege komiteane samla til møte for å legge siste handa i planleggingsarbeidt for Todalsdagen 2024. Programmet syner at det blir ein tradisjonell dag, der den rutinerte komiteen verkar å ha full kontroll på alt bortsett frå vêret!
Les heile saka
Todalen Idrettslag har, av Surnadal kommune, fått fire «gratisbillettar» til Eliteseriekampen mellom Kristiansund Ballklubb og Sarpsborg 08 på Nordmøre stadion søndag 2. juni klokka 17:00.
Les heile saka
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til aversjonskveld tysdag 11. juni klokka 17:30 på Nordholten på Surnadalseidet. Adressa for aversjonskvelden er Lykkjeeidet 322. Dette er siste aversjonskvelden i år, opplyser SJFF
Les heile saka
Siste onsdagen i mai inviterte Svinviks arboret til hagevandring i lunsjtida med Katarina Wedelsbäck som omvisar.
Les heile saka
I ei melding frå Fram får vi informasjon om at fergesambandet, rute 1061 Kvanne – Rykkjem frå og med laurdag 1. juni er tilbake i normal ruteproduksjon. Grunna byggearbeid på Kvanne fergekai har det vore endringar i rutetidene ein periode, men frå laurdag går ferga altså etter opprinneleg oppsett rutetabell.
Les heile saka
Måndag 10. juni inviterer Surnadal Pensjonistlag, i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre til temamøte om korleis ein kan verje seg mot svindel i Svorkasalen på Surnadal kulturhus klokka 13:00 – 15:00. Bakgrunnen for temamøtet er at dei fleste av oss har blitt, eller vil bli utsett for svindel eller svindelforsøk, heiter det i invitasjonen til temamøtet.
Les heile saka
Frå i dag er det nok full trøkk med siloslåtten over heile bygda. Vi stakk innom i Pestua, der Todalen Mjølk har moblisert både mannskap og utstyr til full fokus på førsteslåtten. Den kalde vinteren med mykje is har nok sett sitt preg på slåttamarka med mykje isbrann. Det fine maivêret har også gjort sitt til at tørke har hemma veksten. Dette har ført til at vi opplever ei avling som er under normalen til førsteslåtten, seier Anders A. Karlsen hos Todalen Mjølk.
Les heile saka