Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Telia – slit med kabelbrot

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. september 2023

Basestasjonen som Telia har i Todalen har vore ute av drift sia tysdag ettermiddag.  Det pågår feilsøk, og Telia reknar med at dei skal få retta feilen i løpet av onsdagen.  

Les heile saka

Fjellgruppa tok turen til Møkkelfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 13. september 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Mekkelfjellet i Heim kommune. Turen starta frå Fjærli I Valsøyfjorden. – Først på ein sti opp gjennom tett skog, og deretter på god skogsveg som førte oss fram til Fjærlisætervatnet, kan Anne V. Einum i Fjellgruppa fortelje. 

Les heile saka

Slik blir kommunestyret dei neste 4 åra

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. september 2023

Tysdag kveld vart det klar kven som blir sittande i det nye kommunestyret i neste periode.  Det har vore knytt stor spenning til resultatet.  Etter at dei siste stemmene vart telt står Senterpartiet att med to stemmer meir enn Høgre, og dermed blir resultatet ståande uendra. 

Les heile saka

Stavgangarane tek turen til Roparen torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. september 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Roparen torsdag 14. september. – Oppmøte klokka 11:00 på parkeringsplassen ved Surnadal Alpinsenter, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.  

Les heile saka

Markerer den internasjonale alzheimerdagen med gratis kino

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. september 2023

Surnadal Demensforening og Helselag, i samarbeid med Seniorfilmklubben, inviterer onsdag 20. september klokka 12:00 til gratis kino på Surnadal kino, der dei viser filmen «Iris». Filmen «Iris» er valt for å markere den internasjonale alzheimerdagen, rett nok litt på forskudd, men Iris Murdoch (1919-1999) vart råka av denne sjukdommen. 

Les heile saka

Kløverturar i gamle ferdselsårer

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. september 2023

Dei to første måndagane i september har veret vore litt labert, men deltakinga på kløverturane har vore bra! Første måndagen var det tur i Gammelvegen og på valgdagen 11. september var det tur i Kavlvegen.

Les heile saka

Open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. september 2023

Laurdag 16. september, mellom klokka 11:00 – 16:00, inviterer Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga på Åsen inneheld våpen, militærutstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med lokal tilknyting til krigshistoria frå Surnadal kommune.

Les heile saka

Val 2023 – bruk stemmeretten din!

Jon Olav Ørsal Måndag 11. september 2023

Frå klokka 12:00 og fram til kl 20:00 i dag er vallokala opne.  For Todalen sin del så foregår valet i Sanitetshuset.  Her finn du kommune- og fylkestingvalet i møtelokala, medan kyrkjevalet er lokalisert til kjøkkenet – og med låst dør i mellom.

Les heile saka

Inviterer til ope møte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. september 2023

Surnadal Demensforening og Helselag inviterer onsdag 20. september klokka 19:00 til ope møte i Frivilligsentralen sine lokaler på Skei. Da får dei nemleg besøk av Anna Marie og Karl Laugsand. 

Les heile saka

Hausttakkefest – samla eit femtital til gudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2023

Start 4H hadde pynta og lagt til rette for hausttakkefest i Todalskyrkja sist søndag, og tema for gudstenesta var henta frå Johannesevangeliet og omhandla at Jesus metta 5000 på 5 byggbrød og to fiskar.  Ragna og Lisa sørga for å presentere Start 4H som er har drive i 56 år i Todalen, og fortalte om kva klubben står for og kva som er formåle – og sjølvsagt fekk vi høre 4H-løftet. 

Les heile saka

Tømmekalender for september og oktober er oppdatert

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. september 2023

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for november og desember, vil bli lagt inn i starten av november månad. 

Les heile saka