Overskrifta er henta frå heimseida til S9 Galleri i Oslo. Sissel frå Ytterbaugen i Todalen og Anne Marie frå Surnadal har i to veker frå 6. til 18 april hatt måleriutstilling der. Det er stort å bli anerkjent og få stille ut i hovudstaden!
Les heile saka
Laurdag 20. april klokka 19:00 kjem Teatret Vårt med si humoristiske hylling av Norsk sangbok til Storstuå på Surnadal kulturhus. Før teatret blir det ein minikonsert i foajeen på kulturhuset klokka 18:30.
Les heile saka
Sindre Bruset (20) frå Hjellen i Brusetgrenda har tysdag, i går og i dag, som ein av seks finalistar i sin klasse, delteke i NM for lærlingar og unge montørar i elektrikar- og telekomfaget, som vart arrangert av Nelfo (NHO) i Oslo. Sindre gjorde ein kjempefin innsats dei tre finaledagane, og kom til slutt på ein fin tredjeplass, og vart dermed bronsevinnar
Les heile saka
Todalen Sokneråd inviterer søndag 21. april klokka 11:00 til gudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske er liturg, medan Bernt G. Bøe er organist.
Les heile saka
I fjor vart asketrea, som i mange år hadde stått i alleen ved Talgø gård hogde ned. Det har etter dette vore spekulert i kva ein skulle bruke dei til, og forskjellege idear har vore diskutert. Til slutt kom Gunnar Nordvik med ideen om at det var mogleg å lage leikeapparat i lysløypa på Tjønnmyra av dei store trea.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag inviterer til «trivselskveld» på Surnadal hotell onsdag 8. mai klokka 19:00.
Det blir servert ytrefilet av svin fra Sylte gardsslakteri med parmesanstekte poteter, smørdampa brokkolini og heimelaga pepparsaus.
Les heile saka
Todalen bøgdalag gjennomfører årsmøtet sitt for 2024 i Todalen ungdomshus torsdag 25. april klokka 19:30. No er saklista til årsmøtet klar, og inneheld vanlege årsmøtesaker som årsmelding og rekneskap.
Les heile saka
I fjor haust og i vinter har det vore stor aktivitet med vedhogst og tømmerdrift på Talgø gård. I samband med at Sollid skog AS dreiv tømmerhogst i vinter vart det også hogd mykje ved. I tillegg har Kjell Gunnar Polden rydda skog oppover mot Svabu, Rydda bjørk rundt kokkhuset, og hogd older ved elvekanten, slik at folk kjem seg ned til elva.
Les heile saka
Nordmørsmusea har ledig stilling som fast museumsgartnar i 100% stilling i Svinviks arboret, som dei no lyser ut. Stillinga har særskilt ansvar for drift og utvikling av Svinviks arboret, samt fagansvar for den levande samlinga i Nordmørsmusea elles. Dette betyr at museumsgartnaren har ansvaret for planter, eller dyr, som på grunn si historiske og genetiske bakgrunn er berarar av kulturhistorisk informasjon, og som difor inngår som ein del av museet si samling. I Nordmørsmusea gjeld dette per i dag planter/hageanlegg, og slåttemark
Les heile saka
Sist tysdag hadde «dametrimmen» besøk av fysioterapeutane Martin Berg Hansen og Marit Nordvik Betten, og i dag var det «kaffekrokens venner» sin tur til å få besøk med rettleiing frå fysioterapeutane.
Les heile saka
Finalen i NM for lærlingar og unge montørar i elektrikar- og telekom faget vert arrangert av Nelfo (NHO) i Oslo frå tysdag – torsdag denne veka. Av dei ti finalistane er heile fem frå vårt fylke, og Sindre Bruset (20) frå Hjellen i Brusetgrenda er altså ein av dei. Sindre er for tida lærling hos Bratseth på Sunndalsøra, der han tok til hausten 2022.
Les heile saka
Todalshytta slår til med ny balldag komande torsdag 18. april. Som vanleg er det servering frå kl 15:00 til Kl 18:00. Kjøkkenet byr også denne dage på både potetball eller sildball med tilbehør. Om du vil ha potetball eller sildball er nok «smak og behag» – og da er det nok best med det du er vant til, seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Bestill gjerne på SMS/telefon 929 97 550.