Historielaget heldt årsmøte i Ungdomshuset tysdag 19. mars med godt oppmøte.
Les heile sakaTakstmann Øyås AS fekk «Utviklingsprisen» for 2024
Akkurat no arrangerer SpareBank 1 Nordmøre «Næringslivsdagen» 2024 på Surnadal kulturhus. No rett etter lunsj vart «Utviklingsprisen» for 2024 delt ut, og årets vinnar vart Takstmann Øyås AS, som har sitt hovudkontor på Nordvik og er eigd av ekteparet Nils Håvard Øyås og Karin Åsbø.
Les heile sakaMedlemsmøte i Surnadal pensjonistlag
I går kveld var det medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag i kantina på Surnadal sjukeheim. Før medlemsmøtet tok til, var det eit kort styremøte i møterommet på sjukeheim. Deretter flytta dei til kantina på sjukeheimen for å gjennomføre medlemsmøte
Les heile sakaLitjrundt i fint ver!
Siste kløverturen før påske gjekk Litjrundt og var innom tre grender: Halagrenda, Øyagrenda og Brusetgrenda.
Les heile sakaSjøisen syng på siste verset
Den siste perioden med godt vêr og ganske høge temperaturar har gjort at sjøisen, som har vore målt til opp mot 20 centimeters tjukkelse, no syng på siste verset.
Les heile sakaMinner om årsmøtet i morgon tysdag
Todalen historielag minner om årsmøtet i morgon tysdag 19. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. På sakskartet står vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaTysdag kveld kjem konfirmantane på døra
Todalen sokneråd er ansvarleg for fasteaksjonen i Todalen. Anita Talgø som er KN-kontakt i Todalen fortel at konfirmantane vil få ansvaret for å samle inn pengar for fasteaksjonen i år. Tysdag kveld 19. mars, frå kl 17 og utover, kjem dei på døra med innsamlingsbøssa. I år er det viktigare enn nokon gong at vi er rause til å støtte fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp – vi må gje så det svir.
Les heile sakaInviterer til «felles middag» onsdag 20. mars
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 20. mars klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile sakaPalmehelgutsal hos Lia gard
Fredag 22. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til palmehelgutsal i Lia. Denne gongen kan Lia gard også tilby spaltbrød og sitronkake, som båe er nye produkt frå dei. Dei som førehandsbestiller er med i trekninga av ei sitronkake. Så da er det mogleg å få sikra seg grovbakst og kaffebrød til påska!
Les heile sakaKløvertur Litjrundt
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 18. mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaNostalgisk Jim Reeves-hyllest i Kulturhuset
Laurdag kveld var det ei markering av Jim Reeves 101-årsdag i Kulturhuset. Eigentleg var arrangementet eit år forsinka, men kva har det å seie? Konserten vart ei kjempefin oppleving for oss som hadde teke plass i Storstua denne kvelden.
Les heile sakaFredrikkekaffe i Sanitetshuset med godt oppmøte
Laurdag 16. mars – midt i den første vårmånaden – arrangerte Todalen sanitetsforening Fredrikkekaffe. Sol og fint ver ute, triveleg og sosialt treff inne.
Les heile saka