Onsdag 19. juni klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til siste medlemsmøte før sommarferien i kantina på Surnadal sjukeheim. Kulturskulen kjem også i år på besøk med artig og fin underhaldning!
Les heile saka
Onsdag 19. juni klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til siste medlemsmøte før sommarferien i kantina på Surnadal sjukeheim. Kulturskulen kjem også i år på besøk med artig og fin underhaldning!
Les heile sakaFredag 14. juni mellom klokka 12:00 – 17:00 er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Dette er siste bekeriutsal, før dei tek ein kort sommarferie i bakeriet.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 13. juni klokka 11:00 til stavgang på Kavlvegen på Eidet.
Parkering på Eidet, altså ikkje på Åsen.
Surnadal pensjonistlag og Sparebank1 Nordmøre fekk skikkeleg respons da dei arrangerte temamøte om svindel. Nærare hundre deltakarar var møtt opp i Svorkasalen da Knut Haugen kunne ønske velkomen til kursdeltakarane frå Surnadal pensjonistlag. Svindelforsøka ser ut til å auke i omfang, og talet på svindelforsøk er like mange i første kvartal som det var på heile fjoråret
Les heile sakaTodalen historielag minner om at turen til Smøla nærmar seg, og det no er tid for påmelding. Det er enno nokre ledige plassar, og dette er ein ypparleg sjanse for guida sommartur til Smøla. Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga. Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor…
Les heile sakaOnsdag 12. juni frå klokka 11:00 – 17:00 vil AR Sjømat AS ha salsstand utanfor Matkroken Todalen. Da er fiskebilen lasta opp med mykje god fiskemat og pølser til middagar og fest.
Les heile sakaFrå natt til måndag til tysdag føremiddag er det venta lokalt mykje nedbør i indre strøk av Sør-Trøndelag og Nordmøre, melder yr.no i si vêrmelding. Totalt kan det kome 35-40 mm på 6 timar, og kanskje heile 60 mm i løpet av 24-timers. Farevarselet er på gult nivå.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur i Toåa tursti måndag 10. juni. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaHugsar du noko anna fra mai 2024 enn at Hønhalsen fall tidleg i år? Om ikkje så kan kanskje kandidatane til månadens bilete hjelpe på minne. Det er dags for å gå til den digitale stemmeurna og kåre ein vinnar.
Les heile sakaTysdag 11. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Da går turen til Ranessetra, om Salen, den såkalla «Trekantturen». Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00.
Les heile sakaDet er ein god tradisjon å lage vårslepp eller om du vil kalle det sommarfest for bebuarane på Surnadal sjukeheim. I år var det ikkje noko unntak, og fredag kunne bebuarar og betjening glede seg over nytt, stort partytelt som vart teke i bruk i samband med arrangementet.
Les heile sakaI kveld – Onsdag 12. juni inviterer koret Prosjekt 17 til songkveld i Todalen Ungdomshus.
Velkjend allsong fyller mykje av programmet. – Vi veit at folk likar å synge. Her blir det rikeleg høve til å stemme i! seier koristane idet dei finpussar programmet.
Skulesongar og viser fyller allsongarket. Og sjølsagt hører «Todalssongen» med!