Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 1. juni i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 1. juni i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid.
Les heile sakaTrondheim Taekwon-Do klubb, med god hjelp frå Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer frå onsdag til fredag denne veka sommarsamling for seksti pluss i Surnadal. Deltakarane på sommarsamlinga kjem frå taekwon-do klubbane i Trondheim, Selbu, Hustadvika, Molde, Skien og sjølvsagt Surnadal. Deltakarane kom til Surnadal på føremiddagen i går, og skal vere i Surnadal til tidleg ettermiddag i morgon. I tillegg til trening, har det vore god tid til sosialt samvær under sommarsamlinga, noko som er viktig understrekar arrangøren. I kveld tok dei turen til Todalen og Gammelfabrikken der det var grillmat og underhaldning.
Les heile sakaPå Todalshytta setter dei ekstra pris på det fine sommarvêret. Fredag kveld tenner dei på storgrillen og inviterer til grillkveld med mykje godt på grillen. Kultur blir det og, for Johanne Holten frå Surnadal vil underhalde med song og musikk utover kvelden. Det blir start kl 18, og YR.NO byr på finvêr og varme utover kveldet, fortel Arve Evensen på Todalshytta.
Les heile sakaLaurdag 29. juni inviterer Todalen Idrettslag til den 32. Todalsdagen på Bordholmen stadion. I går var leiarane i dei forskjellege komiteane samla til møte for å legge siste handa i planleggingsarbeidt for Todalsdagen 2024. Programmet syner at det blir ein tradisjonell dag, der den rutinerte komiteen verkar å ha full kontroll på alt bortsett frå vêret!
Les heile sakaTodalen Idrettslag har, av Surnadal kommune, fått fire «gratisbillettar» til Eliteseriekampen mellom Kristiansund Ballklubb og Sarpsborg 08 på Nordmøre stadion søndag 2. juni klokka 17:00.
Les heile sakaSurnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til aversjonskveld tysdag 11. juni klokka 17:30 på Nordholten på Surnadalseidet. Adressa for aversjonskvelden er Lykkjeeidet 322. Dette er siste aversjonskvelden i år, opplyser SJFF
Les heile sakaSiste onsdagen i mai inviterte Svinviks arboret til hagevandring i lunsjtida med Katarina Wedelsbäck som omvisar.
Les heile sakaI ei melding frå Fram får vi informasjon om at fergesambandet, rute 1061 Kvanne – Rykkjem frå og med laurdag 1. juni er tilbake i normal ruteproduksjon. Grunna byggearbeid på Kvanne fergekai har det vore endringar i rutetidene ein periode, men frå laurdag går ferga altså etter opprinneleg oppsett rutetabell.
Les heile sakaMåndag 10. juni inviterer Surnadal Pensjonistlag, i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre til temamøte om korleis ein kan verje seg mot svindel i Svorkasalen på Surnadal kulturhus klokka 13:00 – 15:00. Bakgrunnen for temamøtet er at dei fleste av oss har blitt, eller vil bli utsett for svindel eller svindelforsøk, heiter det i invitasjonen til temamøtet.
Les heile sakaFrå i dag er det nok full trøkk med siloslåtten over heile bygda. Vi stakk innom i Pestua, der Todalen Mjølk har moblisert både mannskap og utstyr til full fokus på førsteslåtten. Den kalde vinteren med mykje is har nok sett sitt preg på slåttamarka med mykje isbrann. Det fine maivêret har også gjort sitt til at tørke har hemma veksten. Dette har ført til at vi opplever ei avling som er under normalen til førsteslåtten, seier Anders A. Karlsen hos Todalen Mjølk.
Les heile sakaDet kjem kanskje litt overraskande på at laksesesongen både startar tidlegare og sluttar seinare enn det har gjort dei siste år – sesongen bli 4 veker lenger. Laksefisket startar 1. juni og sluttar 31. august – altså same tid som i Surna.
Men når det er sagt, så går vi nok inn i ein sesong som er sterkt prega av lovkrav og strenge reguleringar. – Det er nemleg mørke skyer i horisonten for villaksen, og vi får kanskje oppleve ein svært krevjande sesong.
Da Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i dag på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje, låg skodda midt ned i Knyken. Men det skremde ikkje dei 23 frellvandrarane frå å stille opp, for i går var det «utanriksfart» til Fløystadfjellet i Tingvoll kommune. – Kanskje rart å køyre og ta ferge for å kom på fjelltur når vi bur meste i Trollheimen, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.- Men det er artigt å sjå naturen litt lenger i uti fysnå og, legg han til.
Les heile saka