Som vi har omtala i ei anna sak var det eit kort straumbrot tysdag føremiddag. Det var nærast som ein generalprøve på drifta av det nye naudstraumaggregatet på Matkroken, men alt fungerte som det skulle, fortalte Terje Nordvik. Det tok berre nokre sekund før dieselaggregatet starta opp og tok til å levere straum. Austomatikken sørga for […]
Les heile saka
Todalen er for tida straumlaus meldes det. Vi har derfor vore i kontakt med Svorka sin vakttelefon, og dei kan fortlje at feilen er funne og rettetid er kun kort tid unna. Det har vore eit trefall på høgspenten på Breimoen i Surnadal, som gjer at alle abonnentar på denne linja er berørt, som også […]
Les heile saka
Søndag ettermiddag var det tid for å ta ein pause i julestrida og treffast til sosialt lag i Todalen ungdomshus. Ragnhild Ansnes Moe kunne ønske nærare hundre sambygdingar velkomen til denne adventkafeen og spesielt velkomen til dei er nye innflyttarar. Dei eldste i barnehagen og skuleungane markerte starten på arrangementet med Luciatog og flott song på Luciadagen.
Les heile saka
Fredag har dei rydda og forebudd seg på juleavslutning i skulen, fortel rektor Torill Gjeldnes. I tillegg har dei kosa seg og feira litt at skulen ikkje blir nedlagt til hausten – det vart servert is til heile gjengen i dag. med god hjelp frå foreldra vart det pynta med lys på uteområdet, så no sig julestemninga innpå etter kvart som jula nærmar seg. Årets juleavslutning blir torsdag 17. desember kl. 18:00
Les heile saka
Det er ein mangeårig tradisjon med «nissebesøk» og gåveoverrekking på sjukeheimen før jul. I år var det ei ekstra fin gåve som fikk hovudfokus da Pårørandeforening presenterte ein flott elsykkel som gåve til sjukeheimen. Det er ei stor investering som her kome i stad gjennom samarbeid med Surnadal I.L. Handball som sponsa all inntekta frå ei handballturnering i august og Surnadal Sparebank som toppfinansierte prosjektet med ei gåvesjekk på 15.000 som Liv Dalsegg overrekte i dag.
Les heile saka
Denne søndagens søndagstur er det Surnadal idrettsråd som står for. Dei inviterer til nissemarsj på Skei. Idrettsrådet legg opp til eit triveleg adventsarrangement i friluft og håpar det skal bli eit skikkeleg langt tog med små og store nissar som togar gjennom sentrum denne dagen.
Les heile saka
I dag fikk leder i Todalen Sanitetsforening, Maren Ansnes ein overraskande telefon frå Kåre Ranheim hos Svorka. Svorka har i fleire år gjeve ein pengegåve til eit allmennyttig formål i staden for julegaver til leverandørar og samarbeidspartnere. I 2015 fall valget på Todalen Sanitetsforening.
På Svorka si heimeside står det om tildelinga: » Todalen Sanitetsforening har to viktige satsingsområder: kvinnehelse og omsorgsberedskap, og har vært aktive i forbindelse med en rekke kampanjer i 2015.
Les heile saka
I dagens kommunestyremøte har neste års budsjett stått på agendaen, og den viktigaste saka for todalssamfunnet er sjølsagt spørsmålet om nedlegging av Todalen skule. Etter debatten i dagens møte fall forslaget om å legge ut dette som høringssak med 15 mot 12 stemmer…
Les heile saka
Surnadal Bondelag vil ønske vel møtt til en ny sesong med Kløverstukvelder. Tradisjonen tro avholdes møtene mandag kl. 20:00. Kløverstua er nå pusset opp til et topp moderne møtelokale. Alle møter blir på Kløverstua, med mindre annet blir annonsert. Inngang mot nord. Bla vidare så finn du programmet for vinteren og våren 2016
Les heile saka
Søndag ønsker Todalen Sanitetsforning, Todalen Historielag, Todalen IL, FAU, PT-utvalget, Skustuas venner og Start 4H til velkomne til adventskaffe i ungdomshuset. Der blir det muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.
Les heile saka
For november kan vi kan gratulere Christopher Talgø som vinnar med biletet «Midnatt i November». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Vi treng stadig nye bilete, så send inn til oss på e-post red@todalen.no. Desember er siste sjanse for å vinne nåverande premie, Todalen.no-termos. Vinnaren av månadens bilete for desember er også siste deltakar i avstemninga for årets bilete.
Les heile saka
Julehandelen er i full gang på Kårvatn – butikken er full av flotte julegåvetips i alle prisklassar, og no er vi komne i skikkeleg julestemning, fortel Laila på Kårvatn Fjellutstyr. På laurdag kjem Ingvild Kårvatn og byr på krydderkake med god krem, snickerskake, kaffe og gløgg.
Les heile saka