Jon Bruset tok turen til Talgø-Storhaugen og Tristeinan i dag, og rapporterer om kjempefint føre med pudder/silkeføre når du kjem til fjells. Det er køyrt opp spor frå Innerdalsmerket til Tristeinan og utover til skihytta på Ørsalfjellet. I dag var det strålane vêr, men litt skarp luft – men skiføret var av ypperste klasse.
Les heile saka
Med sol frå skyfri himmel og lufttemperatur på 8-9 varme i sola er laurdagen ein praktfull dag i Todalen. Rett nok er det skarp luft etter nattempeeratur på 6-7 kuldegrader, men det er ein flott dag for uteaktivitetar. Vi tok ein rundtur for å sjekke forholda, og kan rapportere om fint skiføre både på Kårvatn, ved Innerdalsmerket og ikkje minst rundt omkring i bygda.
Les heile saka
I dag det nok ein gong åpent hus i Sanitetshuset med Strikkekaffe i tidsrommet 13-14. Det er Todalen Sanitetsforening som er arrangør av denne uformelle treffstaden, og dei håpar at dette fortsatt skal væra ein uformell møteplass for kvinner i alle aldrar i Todalen.
Les heile saka
Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for februar. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete! Hugs årsmøte for Todalen.no 8. mars, kor vinnaren av årets bilete for 2015 også blir avslørt.
Les heile saka
Onsdag var 7. trinn ved Todalen oppvekstsenter på skitur til Strengen. Lærar Anja Dalsegg Sæter hadde med seg fire spente gutar på ein retteleg opplevelsestur. 2 av gutane hadde fått lånt randonneutstyr frå Kårvatn Fjellutstyr AS, medan Anja og dei 2 andre hadde sjølv. Slik var dei skodd for ein retteleg randonnétur.
Les heile saka
Alle er nok spente på korleis påskevêret blir, og no ser vi kanskje konturane av påskevêret på yr.no. I langtidsvarselet ligg det nokre regdråpar og lurer over helga, men utover veka ser til å bli forholdsvis mildt med temperaturar opp mot 7-8 varmegrader. – Men altså ubetydeleg med nedbør og kanskje litt solgløtt utover veka.
Les heile saka
Todalen.no hadde årsmøte tysdag kveld og i tillegg til vanlege årsmøtesaker stod kåring av «Årets bilete 2015» på agendaen. Det er lesarane som stemmer fram «Årets bildete» frå dei 12 månadsvinnarane og i knivskarp konkurranse med dei 11 andre månadsvinnarar gikk altså Tor Hansen heilt til topps ikonkurransen med biletet «Ung fisker». Motivet er ein flott solnedgang frå Nordmarka og premien er eit flott innrama eksemplar av vinnarbiletet.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterte dei vaksne todalingane på middag i Sanitetshuset sist tysdag, der skanksuppe, saltkjøtt, pølser og kålrabistappe stod på menyen. Det var ein snev av forsinka feittysdag over menyen, og det sette gjestane tydeleg vis pris på, for det var over tretti til bords på 2 finpynta langbord i Sanitetens klubbhus på Kvennset.
Les heile saka
Årsmøte i Todalen Idrettslag blir halde i Todalen ungdomshus torsdag 21. april 2016 kl. 19.00, melder styret. På agendaen står vanlege årsmøtesaker, og fullstendig sakliste blir tilgjengeleg frå seinast 14. april.
Les heile saka
Rett før helga fekk vi beskjed om at siste ladning med handdukar for todalen.no var ferdige med påsydde logoar. Det er Ildri Tørset ved Quiltebua som før jul tok oppdraget med leveransen. Dette var medan ho enno dreiv bedrifta si heimanfrå frå Bellebu på Skei. På nyåret har ho «utvida» med meir egna lokaler på Syltbakken.
Les heile saka
–Eg må innrømme at eg ikkje var særleg sterk i trua. Men det vart rett og slett ein kjempekonsert! Mannen som seier dette er Frank sPoon Botten, kjent som lydteknikar frå Dreamfarm-studioet i Surnadal. Og konserten han snakkar om er «Ingen mjuke fiolina» med Bjarne Brøndbo.
Les heile saka
Balleik for dei minste i gymsalen på skulen fortsett melder Knut Bergli. Dette er eit allidrettstilbud til dei aller minste ungane i bygda. Tre gonger til før vi tek påskeferie.