Det er ikkje berre i Paris det er medalsjehaust – denne helga har Ola Vikan frå Nordvik delteke i Midtnorsk mesterskap i motocross i Verdal, og har gjekk han heilt til topps i klasse 10-12 år.
Les heile saka
Det er ikkje berre i Paris det er medalsjehaust – denne helga har Ola Vikan frå Nordvik delteke i Midtnorsk mesterskap i motocross i Verdal, og har gjekk han heilt til topps i klasse 10-12 år.
Les heile sakaFredag ettermiddag og kveld var det aktivitetsdag i tunet på Bruset i regi av Todalen elveeigarlag. Laget ønsker å fremme interessa for elvefiske, samtidig som det også var lagt inn andre aktivitetar i programmet. Elveeigarlaget hadde hyra inn Start 4H og Todalen idrettslag som medarrangør og denne fine sommarkvelden kom det nærare 50 deltakarar med smått og stort.
Les heile sakaTorsdag kveld inviterte Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til «Fiskesommer» i Slettneset på Nordvik. Arrangørane, med Ola Røe i spissen hadde laga eit flott arrangement med høg trivselsfaktor og litt konkurranse.
Les heile sakaLaurdag 17. august kan du være med på sommarens finaste løpetur, lokkar Trollheimen Fjellsportklubb på sine FB-sider. Da går nemleg Kårvatn Skyrace av stabelen, og da kan du velge om du vil ta løypa på 4 km, 10 km, 15 km eller om du vil ta den heilt ut og velge løypa på 29 km.
Les heile sakaTorsdag var Surnadal pensjonistlag på stavgangtur langs Åsskardfjorden. Dette var eit nytt turmål for året, og starta på Settemsøran og gikk langs fjorden innover til Mjøksander, der det var kafferast – Johannes var med som kjentmann på turen.
Les heile sakaOm nokre dagar går påmeldingsfristen ut for Kårvatn Skyrace 2024. Der vil vi nok finne Isak Drøpping på startlista i juniorklassen. No har det vore ferietid, men den siste tida har Isak vore diskenspringar på Kårvatn Fjellutstyr – da er vegen kort til treningsturar i løypene i Dalalia.
Les heile sakaVi har tidlegare laga ei sak om stabburet i Andersstua som kan være eit av dei eldste bygga i Todalen – kanskje nærare 400 år gamalt. I dag var det lagt nytt torvtak på det gamle stabburet.
Les heile sakaJuli var ein månad med bading, måse, fjellturar og berre fint vêr skal ein tru kandidatane til å bli månadens bilete for juli. Her er det berre å klikke inn på saka og stemme fram din favoritt!
Les heile sakaSurnadal JFF inviterer alle barn med foreldre/foresatte til en trivelig kveld med sjøfiske. Alle som trenger det, vil få hjelp og assistanse fra SJFF. Start fra Slettneset på Nordvik torsdag 8. august fra kl 18:00. Det er skiltet nedkjøring til Slettneset.
Les heile sakaMed bilete Pus i solnengangen stikk Sivert Sogge av med sigeren i kåringa av månadens bilete for juni.
Les heile sakaSted: Bruset Tid: fredag 9. august kl. 16.30. Arrangementet er eit samarbeid mellom Elveeigarlaget, Start 4H og Todalen IL. Det blir instruksjon i elvefiske med rikeleg moglegheit for å prøve seg på fleire teknikkar. Dette er for dei som aldri har fiska tidlegare – Instruktør er Jo Kvande Hansen.
Les heile saka