I dag vart det funne eit gåvekort på Todalsøra – på strekninga mellom brua over Ytteråa (ved Ørskog) og Todalsøra. Gåvekortet har pålydende kr 500 og er utstedt 28. mars. Er du den rettsmessige eigaren, så kan du ta kontakt med Matkroken Todalen.
Ope møte om kvinnehelse med overgangsalder som hovedtema
Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterer til ope møte om kvinnehelseproblem tysdag 23. april kl. 19:00 i aulaen på Surnadal vidaregåande skule.
Les heile sakaHugs bandtvang for hund frå 1. april
Frå og med i går, 1. april til og med torsdag 31. oktober, er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. apil – 20. august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang, som betyr at Surnadal kommune har lengre bandtvangperiode enn det Hundelova seier. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6, og i Surnadal kommune si forskrift om Bandtvang.
Les heile sakaPåskegudsteneste i friluft
Godt og vel 50 som deltok i påskegudstenesta ved gapahuken på Tjønnmyran 2. påskedag. Yr.no passa på å halde seg innafor vêrmelding, slik at det var opphaldsvêr, men det kunne godt ha vore nokre fleire varmegader. Men soknerådets servering av varm kaffe og varme pølser etterpå kompenserte langt på veg for det.
Les heile sakaPåskekrim 2024: del 5
Nok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Om du sit igjen med like mange spørsmål som svar etter denne delen så er det heilt normalt. Noko må jo være slik som det aillvæg ha vårre. Eller?
Les heile sakaEr du klar for sommaren
Natt til søndag er det nemleg klart for sommartid – det er nemleg slik at siste helga i mars så stiller vi klokka om til sommartid. Det vil seie at vi stiller klokka fram ein time, og reint formelt skal det skje kl 02 og da stilles klokka fram til kl 03. Da går vi over fra vintertid eller rettare sagt normaltid og over i sommartid – og sommartida varer heilt til siste helga i oktober.
Les heile sakaKallar inn til årsmøte
Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 25. april klokka 19:30. Vanlege årsmøtesaker står på saklista. Forslag ein ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast skriftleg til leiar i bøgdalaget, Svein Håvard Brøndbo, innan måndag 8. april.
Les heile sakaPåskekrim 2024: del 4
I går lærte vi at bakelstyngda er det beste middelet for å kome seg ned til bygda igjen. Eit klassisk «vest du ikkje det?» spør du meg. Men det gjer du truleg ikkje, for du er kanskje klar for del fire av påskekrimmen? Her er den!
Les heile sakaTurid Sæther Todalshaug vart vinnar av «Kjerringdilten» 2024
I dag inviterte driftsstyret for Todalen Idrettslag si skihytte til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta. og det kom bra med folk opp til skihytta. 45 av dei frammøtte starta årets utgåve av «Kjerringdilten». Da resultatlista var klar, viste den at Turid Sæther Todalshaug sikra seg eitt napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Det var ikkje så mykje sol å skryte av, men det var fin temperatur og opphaldsvêr, så det var fine forhold for ein skitur.
Les heile sakaPåskekrim 2024: del 3
Kanellsnurr-søget har knapt lagt seg etter gårsdagens vellukka dilt, og i dag er det duka for ein til. Nemleg sjølve ur-dilten der det ikkje er omågjort å kome først, men å treffe idealtida. Det er på tide å la pokalen vandre!
Les heile sakaSeterrennet på Nordviksetra 2024
Som alltid vart seterrennet på Nordviksetra avvikla på skjærtorsdag. I år var det både ver og føre som passa for alle. Akkurat nok sol ,og eit føre som passa like god for ski som for dei som kom til fots.
Les heile sakaKjempefin dag – Gunnøydilten samla meir enn 200
Arrangøren trur det var godt og vel 200 deltakarar på Gunnøydilten i år. Det var Todalen IL Trimgruppa som stod som arrangør, og det var stor suksess både publikummessig og sosialt. Påska samlar forlk frå fjern og nær, og det gjorde jammen Gunnøydilten og. Det var mykje tilreisane med både utflytta todalingar og folk frå både Kvanne, Surnadal og andre plassar.
Les heile saka