På pinseaftan er Matkroken L.Hals open til kl 15.00, og stenger altså ein time tidlegare enn vanleg laurdag. Vidare utover er butikken stengt 1. pinsedag, men kioskopen 2. pinsedag mellom kl 16.00 og 18.00. På grunnlovsdagen 17. mai er butikken stengt. HalsOil drivstoff får du kjøpt heile helga – betaling med kort, melder handelsmann Nordvik.
Les heile saka
Ensemblet «Billuca» frå Trondheim gjestar Todalen kyrkje fredag 20. mai kl. 20. Det blir ein sommarkonsert utanom det vanlege. For kva skjer når spansk kunstmusikk møter ein norsk bånsull? Når ein kryssar Purcell med rytmer frå Balkan? Eller når Brahms gyngar i shanty-takt? Det oppstår noko nytt av det velkjente når Billuca Ensemble framfører sitt nye vår- og sommarprogram.
Les heile saka
Det var ein iherdig gjeng som måtte på lagseriestemne torsdag kveld. Dei hadde kledd seg god for å være ute i regnet, og da vart det både hopp, kast og løp – bokstaveleg tala på løpande band.
Les heile saka
Torsdag er stavgangdag, og denne veka gikk turen til Stangvika. Så mange som 30 spreke pensjonistar hadde pakka på seg bra med klær og møtte opp på Brøske, for å fortsette utover til Brøskehagan til fots…..
Les heile saka
Fra tillitsvalgt fylkesstyremedlem Gjermund Øysteinsson Moe i Norsk Sykepleierforbund Møre og Romsdal, har vi i dag fått ei helsing til alle sjukepleiarar på den internasjonale sjukepleiardagen.
Les heile saka
I kveld var det stor fotballkamp på Bordhomen mellom Søya/Todalen og Bøfjord/Bæverfjord i klassen G10. Resultatet er litt usikkert, men oppmann Bjørn Gunnar Ansnes antyder i etterkant ca 23-5 til Søya/Todalen.
Les heile saka
På bakgrunn av funn som vart gjort under skogrydding i det nye bustadfeltet på Nordvik, Øygarden bustad- og hyttefelt, pågår det denne veka arkeologisk undersøking av området. To arkeologar frå Fylkesmannen undersøker no om det kan være spor etter busetting fra steinalderen i feltet. Det er Eirin Husby Frey og Heidi Altoft som no går gjennom […]
Les heile saka
Surnadal Røde Kors har nå hatt trekning av gevinster etter loddsalget som har pågått denne våren. Ta kontakt med Elin på 98 02 12 55 eller Martha på 91 67 24 51 for avtale om utlevering.
Les heile saka
Førstkomande torsdag startar ski og friidrettsgruppa opp att med friidrett på Borholmen for store og små. Her blir det muligheit for å teste ferdigheter innan både spenst hurtighet og ikkje minst treffe venner og naboar.
Oppmøte klokka 18.
Gjerdet rundt Bordholmen fikk har medfart i vinter. Både stormflod og landvind hadde ført til at gjerdet vart lagt ned ca 20-30 meter på den ytterste delen, mot elva. Før helga var banekomiteen på befaring for å planlegge reparasjonen…
Les heile saka
Grunna kolliderande kursing for ambulansepersonellet ser omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening seg nødt til å utsette morgendagens planlagte førstehjelpskurs på Bordholmen.
Les heile saka
Todalshytta og Eric Malling gjentar suksessen med låtskriverseminar på Todalshytta. 2. uken i juni blir det nytt låskriverseminar, også denne gangen i samarbeid med NOPA og GramArt. I år er seminaret blitt internasjonalt, og får besøk fra Nord-Irland og USA, forteller Eric Malling som er verskap på Todalshytta på tredje året.
Les heile saka