Etter ein lang dag med mykje fotball, mosjonsløp og mange andre aktivitetar er det laurdag kveld tid for å slappe av med litt god musikk og kortreist grillmat på bakken framfor Todalshytta. Da entrar nemleg Jo Sverre Sande og Johanna Demker scena for å underhalde oss utover kvelden…. Jo Sverre har, på tross av sine […]
Les heile saka
Du har kanskje oppdaga at det står ein godt innpakka sak på berget der den gamle Brusetløa stod. Torsdag kl 17 blir det nok mykje styr når den skal avdukast og trer fram i sin fulle prakt… Da kjem NRK og mykje folk for å sjå og høre om denne begivenheita. Den er nemleg 160 kg, og […]
Les heile saka
Synnøve Helland styrer med sitt eige firma for sal av forsikringer og finansteneste frå heimekontoret på Nessalofta. Det har ho gjort dei 3 siste åra, og ho trivst med å arbeide slik. Tysdag kveld samla ho ein del av kundane sine på Pakkhuset Pub til investeringsseminar. – Og til pakkhuset kom det foredragshaldarar frå både Eidsvoll, Sverige og Singapore.
Les heile saka
På Todalsdagen vil bygdebokmemnda ha eigen stand på Bordholmen for sal av den nye bygdeboka for Todalen og Nordvik. Var du ein av dei som var heldig og fikk gåvekort på bygdeboka til jul, så kan du no hente boka på Matkroken i Todalen, meot å levere gåvekortet der. men dei har ikkje bygdeboka til sals!
Les heile saka
Torsdag 30. juni kl 17:00 arrangerer Norsk Vandrefestival tur til Vaulen på Nordmarka. Her er Inge Skogheim og Ann Kristin Bruset guidar på ei hyggeleg vandring innover til dei erverdige seterhusa som er i Surnadal kommune sitt eige. Dei byr på snadder og kaffe fra bålet og «kaffepilates» for den som vil!
Les heile saka
I Austistua skyt nyfjøset til værs – ei ny avdeling på 600 m2 skal bli nytt fjøs for mjølkekyrne, medan gammelfjøset skal huse ungdyr og forsentral. 1. oktober skal det være innflyttingsklart, dersom alt går etter plana. Da er det investert rundt 7,0 mill i ny bygning, mjølkerobot og anna utstyr. Frisk satsing i ei tid med stor uforutsigbarhet i jordbruket.
Les heile saka
Da har vi motteke det første kampoppsettet for Todalsdagen. Dette er for lillegutt-turneringa som Terje Nordvik er ansvarleg for. Her møtes 10 lag i klassen G11/12 til cupspel, med fire innleiande kampar på kvart lag, som ender i finalespel til slutt. Her er det ei fin blanding av Nordmørs-, Romsdals- og Trøndelagslag.
Les heile saka
Todalsdagen har tradisjon helt attende til 1968, da T.I.L. feira 60-årsjubileum – da som no er det fotballen som står i sentrum, men i tillegg har arrangøren mykje meir å by på, både på bordholmen og rundt omkring. Vi kan nemne open dag både ute og inne på Gammelfabrikken til Talgø og konsert på Todalshytta på kveldstid.
Les heile saka
Surnadal jeger og fiskeforening og Surnadal skytterlag arrangerte famileie dag med fokus på skyting på Angråmyra søndag føremiddag. Det er første gong at det er sett skyting på dagsorden som ein del av programmet under laksefestivalen, men dagens arrangement trur vi ga meirsmak. Alle som ønska fekk prøve seg på skyting, og vi trur det var mange som fann seg godt tilrette i det trivelege skyttarmiljøet.
Les heile saka
Onsdag og fredag klokka 18 er det dugnad på Bordholmen i forbindelse med årets Todalsdag. Idrettslaget oppfordrer alle som har muligheit desse dagane til å stille på ein siste finpuss av idrettsanlegget før helga. Banekomiteen har full kontroll på både baneklipp og oppmerking.
Les heile saka
Norsk Laksefestival er godt i gang og lardag ettermiddag var det eit yrande liv i marknadsgata på Skei. Og det såg ut til at folk var i handlehumør, for dei aller fleste bar på ein eller fleire bæreposar og det var trøkk på dei fleste salsbuene på Skei-plassen, der det meste av aktioviteten var samla. Eit av høgdepunkta var nok premieutdelinga for fiskekonkurransen, for aldri har vi vel sett eit slik «panel» med heile til laksefiskarar med kvar sin laks.
Les heile saka
Dei siste dagane er det sett opp «mystiske» boksar rundt vegane i Todalen – og kanskje andre plassar. Det er mange som har lurt på kva dei grå boksane inneheld og kvifor deit står der. Ein telefon til Vågland løyste mysteriet, og vi kan røpe hemmeligheita for deg….!
Les heile saka