Torsdag gikk stavgangturen til Vindøldalen – ein flott tur i det fine vêret der det først var samling ved bommen for koordinering av transport opp til bommen ved Pebua. Herfrå vart det stavgang innover dalen langs vegen og elva, så langt den enkelte ville.
Les heile saka
Den 2. september runda Knut Stavik 67 år, og vart pr definisjon fulltids pensjonist. Da har Knut halde på med rør og rørleggjarfaget i 48 år – og det i eit og same firma. På same tida har firmaet skifta eigar 2-3 gong, og Knut seier at det har vore ein interessant arbeidsplass frå dag […]
Les heile saka
Eit fåtal møtte opp på Bordholmen i går kveld når Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterte til gratis førstehjelpskurs. Kurset var arrangert for tredje gong, med kurshaldarane Olav Polden, Jan Ove Bævre og Ivar Bolme.
Les heile saka
Litt utradisjonel start på vandrefestivalen i år. Festivalhelga startar nemleg innendørs i Surnadal kulturhus fredag kveld, og starter alt kl 18.30 med fingermat og mingling. Men resten av programmet vil også dreie seg mye om mat, og det er verdt å ha med seg inspirasjonsforedraget til Andreas Viestad, som er ein av hovudpostane denne kvelden. – Bla videre så finn du meir informasjon om det offisielle åpninsprogrammet.
Les heile saka
I dag tidleg starta Veidekke med asfaltlegging på plassen framfor lagerbygget og elementfabrikken i Todalen. Heile plassen der er fylt opp og klargjort for asfaltlegging dei siste dagane, og det er rundt 2000 m2 med ny asfalt som legges. I tillegg skal asfalten repareres i Halsasvingen og nokre bitar på kommunevegen mellom Pilskaret og Øyabrua.
Les heile saka
I fjor haust vart det fotografert hus til ny bygdebok i området Hyllbakkan til Røgrenda. Over helga vil representantar for bygdebokprosjektet fortsette med fotograferingsarbeidet i «gamle Stangvik». Dei startar ved vegenden på Brøskja og arbeider seg i retning Kvanne.
Les heile saka
I kveld var det duka for nytt lokaloppgjør på Bordholmen. I denne kampen var det jentene i 12-årsklassen frå Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen 2 som møtte Surnadal 1. Begge laga var klar for seier når vi tok ein prat før start. Jentene frå Surnadal kunne fortelje at dei hadde vunne det meste heile sesongen. Seinast i helga, på Jentecup i Trondheim.
Les heile saka
Førstkommande helg blir årets hovedarrangement under Norsk Vandrefestival arrangert. I år er temaet mat, med alskens variantar av utemat. Årets hovedbase er denne gongen ved Igeltjønna i Rindal. I løpet av dagane 8. til 11. september ser vi vel 30 ulike arrangement på agendaen. Alt frå kokkekurs, bokbad og frokost i det fri.
Les heile saka
Kårvatn Fjellutstyr AS melder no om endring i sine åpningstider framover. Frå og med denne veka har dei langope på torsdagar i staden for tirsdagar.
Les heile saka
I morgon blir det nok ein fotballkamp på Bordholmen. Denne gongen er det Kamp i klassen J12, der laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen møter Surnadal klokka 18. Kiosken blir open med bakels og graut og høve til ettermiddagskaffe for den som tek turen. Ellers kan vi også minne om førstehjelpskurset i regi Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening som også […]
Les heile saka
Lørdag 10. september kommer Frode Alnæs til Bøfjorden. Det blir en helt unik konsertaften i grendehuset denne kvelden, skriver Bøfjordnett på si nettside. – Frode vil servere musikk frå hele sin karriere og innimellom vil det garantert bli en god dose med humor også. Bli med og lage god stemning du også, oppfordrer Bøfjordnett på si nettside.
Les heile saka
Søndag ettermiddag dukka det plutseleg opp ein kaffeteria i vegkanten på Kvennset. Midt i Sandstadkrysset må då være den mest sentrale plassen for å dirve kafeteria, og her var det nystekte (og finpynta) muffins som stod på menyen, saman med litt saft attåt. Det var Maria og Edel Therese som hadde utsal av bakarvarer, og kanskje er dette starten på ei vegkro på Kvennset – den gamle billagsgarasjen kan være høveleg lokale. Her er det Lars kvendset som kjøper seg bakverk til ettermiddagskaffen av dei to unge damene.