Vårsøghelga har akkurat no sendt oss ei pressemelding, der det heiter at årets Kleivakveld, som blir arrangert i samband med Vårsøghelga laurdag 25. mai klokka 18:00 i år blir på Kleiva. – Vi er glade for å informere om at årets Kleivakveld blir på Kleiva i strålande sommarvêr, heiter det i pressemeldinga.
Les heile saka
Natt til 2. pinsedag var det kanskje nokon som vart lurt av nattefrost. Mange plassar var nok nattetemperaturen nær frysepunktet, og da er nok Skaugumbegoniaen i faresona. Det er nok rette tida å starte herdinga no, men ein må følge med om kvikksølvet nærmar seg nullen.
Les heile saka
Todalen Idrettslag sitt nye nærmiljøanlegg, som er under bygging på Bordholmen stadion er no med i I ein Spleis gjennom «Klubben i mitt Hjerte» Her kan folk gjennom å bli med på spleisen bidra økonomisk til det nye nærmiljøanlegget. Alle pengane som blir samla inn gjennom spleisen, går til å kjøpe fleire delar til idrettslaget sitt eksisterende vant, da dette nor har blitt litt for lite i høve til det nye dekket som er lagt.
Les heile saka
Det fine sommarvêret dei siste dagane har gjeve ein «flying start» for rododendronblomstringa og fruktblomstringa i Svinviks arboret. Fruktblomstringa i frukthagan nærmer seg toppen, og er finare enn nokon gong, medan rododendronblomstringa også er godt i gang. I deg på pinseaftan 18. mai er det sesongopning i arboretet, og Katarina Wedelsbäck Bladh som er fagleg ansvarlag i arboretet fortel at det har vore ein travel innspurt mot opninga
Les heile saka
Lort Phillips – Todalshytta holder åpent 1. pinsedag, søndag 19. mai fra kl. 14:00 til kl. 18:00
Les heile saka
I forgårs, altså på torsdag, hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til stavgangtur til Haltbakken. Det vart parkert på Nordvik, og gått derifrå og utover til Haltbakken.
Les heile saka
Det er no klart at at Erik Kårvatn fortsett på landslaget for Randonee også i sesongen 2024/2025. Norges Skiforbund Randonee har no gjort sine uttak og Erik er altså med i planene til landslagets satsing fram mot OL i Milano-Cortina i 2026.
Uttak til juniorlandslaget er også klart – her har både Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping fått plass for sesongen 2024/2025.
Les heile saka
I tradisjonen tru hadde Nordvik Grendalag invitert nordvikgardingane mai-feiring i Nordvik forsamlingshus. Rundt søtti møtte opp til feiringa av 17. mai, og dei fekk vere med på eit variert og innhaldsrikt program.
Les heile saka
Medan kvikksølvet varierte mellom 25 og 27 varmegrader på gradestokken var det kanskje naturleg at folk fann seg ein skuggefull plass i staden for å gå i kyrkja på gudsteneste. Men eit 40-tal hadde da funne vegen til dagens gudsteneste som starta kl 14:00 og som var ein del av programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen
Les heile saka
Med blå himmel og sommartemperatur frå morgonen av var alt duka for ei vellukka feiring av nasjonaldagen her i Todalen. Programmet var på mange måtar tradisjonellt med biltog eller «skrommeltog» som det vart kalla før. Fortsettelsen var også tradisjonell med frukostservering i Todalen ungdomshus, men vidare vart det ein pause, før det vart gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14, som siste post på programmet.
Les heile saka
Tysdag 21. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Denne gongen går turen til Åkvikknoken i Heim kommune.
Les heile saka
Da Todalen bygdelag arrangerte påskequiz vart andrepremien som var ein pengepremie donet til Kaffekroken. I dag troppa Svein Håvard Brøndbo opp med marsipankake til gjestane i Kaffekroken, og da var det sjølvsagt «førstemann til mølla», der det vart kakeservering til dei som var på rett plass til rett tid – og det var Eivind Grønmyr og Ragnar Halle som var først ute.
På bilder sørger leiar i Todalen Bøgdalag, Svein Håvard Brøndbo, for servering da Matkronen opna butikken i dag tidleg.