I.L. Søya kaller inn til årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen onsdag 29. mars kl 19.30. På dagsorden står vanlige årsmøtesaker og behandling av endring av lovnorm. Bla om, og les plakaten…
Les heile saka
I.L. Søya kaller inn til årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen onsdag 29. mars kl 19.30. På dagsorden står vanlige årsmøtesaker og behandling av endring av lovnorm. Bla om, og les plakaten…
Les heile sakaTysdag 28. februar kl 19.30 inviterer Todalen historielag til filmkveld med historisk tilbakeblikk til 1990-talet. Svein Åge Saksen har fanga inn mykje god og artig historie med sitt videokamera. No har han redigert materialet og vil vise oss ein knapp time med klipp frå 90-talet under filmkvelden i Todalen ungdomshus.
Les heile sakaMåndag kveld hadde Surnadal golfklubb årsmøte på Thon Hotell Vårsøg. Laget har god økonomi, og kunne legge fram eit overskot på vel 200 000. Dette til tross for at post for medlemskontigent er betydeleg redusert dette året sett opp i mot 2014 og 2015.
Les heile sakaMåndag 27. februar er det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turen denne gongen blir etter veg – frå Matkroken utover Stranda til kraftstasjonen, tilbake ned til smoltanlegget og rundt i Sissigrenda.
Les heile sakaTodalen Sanitetsforening har lang tradisjon med å markere og å feire fastelavn. På Matkroken dukka det opp tre damer, som slett ikkje kom tomhendt. Det velkjente fastelavnsriset kom på plass og det gjorde også fastelavnhjarta som var laga av lerke. Og sjølvsagt var det servering av nystekte bollar og varm kakao til alle som var […]
Les heile sakaScooterkomiteen melder no i morgontimane om at det er oppkjøyrte løyper frå Innerdalsmerket og opp til Tristeinan. I løpet av dagen vil nok også spor opp Øyalia og til skihytta bli i tipp topp stand, klare for helgeutfart. No er det også oppkjørt sport med sporleggaren nede i bygda. Frå Halsabrua, oppover mot Småland og […]
Les heile sakaI dag arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Les heile sakaSki og friidrettsgruppa inviterer til skileik på Tjønnmyra søndag mellom 14 og 16. Siste døgn har gjeve oss godt med snø, så forholda er no topp for den som ønsker ein runde eller to i lysløypa.
Les heile sakaTodalen Idrettslag inviterer til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 30. mars kl 19. Årsmøtet er kunngjort ved oppslag på Matkroken og gjennom Todalen.no. Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå seinast 23.mars.
Les heile sakaStåle Ansnes melder til redaksjonen om at no er det topp forhold for ein skitur i lysløypa på Tjønnmyra. Han har bruka deler av dagen til å lage nye spor etter siste snøfall som kom i natt. Det er ikkje meldt unormalt mildver i helga, så muligheitene for litt trim er da kanskje tilstades.
Les heile sakaSurnadal brannvesen har no inngått avtale med Norsk brannvernforening om bruk av Brannbamsen Bjørnis i sitt forebyggjande arbeid retta mot barn i Surnadal kommune. Avtalen er rykande fersk denne veka, så brannsjef Tor Arne Moen har ikkje alle detaljar om bruk og profilering klare enda. Prosjekleder for Bjørnis, Rikard Heimen derimot er rimelig klar på at Bjørnis er 5. mann i brannbilen. Bamsen skal væra fast inventar i alle bilane og gis til barn som er involvert i ulykker, har vore vitne til ulykker eller andre situasjonar som kan opplevas som dramatiske for dei.
Les heile sakaFotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 6. og tysdag den 7. mars på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.