Todalshytta markerte i lag med Todalen elveeigarlag at ny laksesesong starta natt til laurdag. Med mykje god grillmat, og kulturelt innslag med Johanne Holten, vart det ei triveleg markering av starten på 2024-sesongen i Toåa. Vêrgudane kunne nok ha vore litt meir slepphendte med sol og varme, men det var da eit godt alternativ å fortsette innomhus etter kvart.
Les heile saka
Laurdag 08.juni inviterer Surnadal Hagelag og Nordmørsmusea igjen til planteloppemarked i tunet på Åsen bygdemuseum, med påfølgande kaffeservering og opne museumsutstillingar. Loppemarkedet startar kl. 13.00.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, kan vi lese at Svorka Kraft i 2023 oppnådd stor vekst og fremgang, trass i utfordringar i energisektoren. Svorka har teke viktige steg for å møte fremtida sine behov for fornybar kraft og betre infrastruktur, samtidig som dei har styrket sin posisjon i marknaden.
Les heile saka
Laurdag 1. juni opnar Jan Eilert Pedersen og kona Celina Tafjord dørene til Cafe Fyret som ligg i 2. etasjen i Domusbygget – midt på Skei. Da vi stakk innom ein snartur i dag var det meste på plass og Jan Eilert var i gang med å førebu maten til opningsmenyen.
Les heile saka
Under Todalsdagen 29. juni, blir det også i år Ræta opp og Mini Ræta. Ræta opp startar klokka 12:30, og i år går inntekta inntekta frå startkontingenten til det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion. Ræta opp har konkurranseklasse og trimklasse, og løpet er rundt 3 kilometer langt. Premie til dei beste i konkurranseklassen, og uttrekkspremiar i trimklassen.
Les heile saka
I går gjekk Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Mogstad og opp til Leikaren. Sytten spreke stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur til Leikaren i det fine turvêret.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 1. juni i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid.
Les heile saka
Trondheim Taekwon-Do klubb, med god hjelp frå Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer frå onsdag til fredag denne veka sommarsamling for seksti pluss i Surnadal. Deltakarane på sommarsamlinga kjem frå taekwon-do klubbane i Trondheim, Selbu, Hustadvika, Molde, Skien og sjølvsagt Surnadal. Deltakarane kom til Surnadal på føremiddagen i går, og skal vere i Surnadal til tidleg ettermiddag i morgon. I tillegg til trening, har det vore god tid til sosialt samvær under sommarsamlinga, noko som er viktig understrekar arrangøren. I kveld tok dei turen til Todalen og Gammelfabrikken der det var grillmat og underhaldning.
Les heile saka
På Todalshytta setter dei ekstra pris på det fine sommarvêret. Fredag kveld tenner dei på storgrillen og inviterer til grillkveld med mykje godt på grillen. Kultur blir det og, for Johanne Holten frå Surnadal vil underhalde med song og musikk utover kvelden. Det blir start kl 18, og YR.NO byr på finvêr og varme utover kveldet, fortel Arve Evensen på Todalshytta.
Les heile saka
Laurdag 29. juni inviterer Todalen Idrettslag til den 32. Todalsdagen på Bordholmen stadion. I går var leiarane i dei forskjellege komiteane samla til møte for å legge siste handa i planleggingsarbeidt for Todalsdagen 2024. Programmet syner at det blir ein tradisjonell dag, der den rutinerte komiteen verkar å ha full kontroll på alt bortsett frå vêret!
Les heile saka
Todalen Idrettslag har, av Surnadal kommune, fått fire «gratisbillettar» til Eliteseriekampen mellom Kristiansund Ballklubb og Sarpsborg 08 på Nordmøre stadion søndag 2. juni klokka 17:00.
Les heile saka
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til aversjonskveld tysdag 11. juni klokka 17:30 på Nordholten på Surnadalseidet. Adressa for aversjonskvelden er Lykkjeeidet 322. Dette er siste aversjonskvelden i år, opplyser SJFF
Les heile saka