Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur i Toåa tursti måndag 10. juni. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur i Toåa tursti måndag 10. juni. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaHugsar du noko anna fra mai 2024 enn at Hønhalsen fall tidleg i år? Om ikkje så kan kanskje kandidatane til månadens bilete hjelpe på minne. Det er dags for å gå til den digitale stemmeurna og kåre ein vinnar.
Les heile sakaTysdag 11. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Da går turen til Ranessetra, om Salen, den såkalla «Trekantturen». Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00.
Les heile sakaDet er ein god tradisjon å lage vårslepp eller om du vil kalle det sommarfest for bebuarane på Surnadal sjukeheim. I år var det ikkje noko unntak, og fredag kunne bebuarar og betjening glede seg over nytt, stort partytelt som vart teke i bruk i samband med arrangementet.
Les heile sakaI kveld – Onsdag 12. juni inviterer koret Prosjekt 17 til songkveld i Todalen Ungdomshus.
Velkjend allsong fyller mykje av programmet. – Vi veit at folk likar å synge. Her blir det rikeleg høve til å stemme i! seier koristane idet dei finpussar programmet.
Skulesongar og viser fyller allsongarket. Og sjølsagt hører «Todalssongen» med!
Torsdag, på Svenska flaggans dag, tok ikkje Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til nabolandet Sverige, men til nabokommunen Rindal og Igeltjønna! Rindalingane har bygd eit fint turanlegg rundt Igeltjønna med tilhøyrande anlegg både for bading og rekreasjon.
Les heile sakaTalgø Bygg AS ligger i Todalen i Surnadal kommune og er en del av Talgø konsernet. Talgø Bygg har lang erfaring med prosjektering og produksjon av element til støyskjerm, fasade, landbruksbygg, redskapshus, hus, hytter og større prosjekt. Selskapet disponerer moderne produksjonslokaler på 12.000 m².
Les heile sakaTodalen Idrettslag har investert i tre nye treningsapparat på Hett & Svett. For å få plass til dei nye treningsapparata må idrettslaget no selje multitreingsapparatet for å frigjere plass til dei nye. Treningsapparatet som skal seljast er eit Multigym C80 med beinpressapparat.
Les heile sakaGudmund K. Kvendset, som er godt kjent for sine mange fine kjøkkenreiskap og andre produkt laga av tre, har laga nye årer for bruk ved åresal i ungdomshuset. Gudmund har, heilt gratis, laga 200 nye årer av tolle. Desse vil no erstatte dei gamle årene, der dei eldste er langt over femti år, og har såleis gjort sitt.
Les heile sakaNatt til torsdag var minimumstemperaturen på mellom 3- og 4 grader, men det var ikkje nokon nattefrost sjølv om det klårna opp onsdag kveld. Når det klårna opp vart det nok avsørt at det var nysnø i høgfjellet.
Les heile sakaEin busslast med pensjonerte sjukepleiarar tok i dag turen til Todalen – på programmet hadde dei besøk på Gammelfabrikken i Brusetmarka, der dei inntok medbrakt lunch, og fikk omvisning og vart presenterte for historia om «møbeleventyret» Talgø. Etterpå bar det vidare til Kårvatn og til middag på Todalshytta.
Les heile sakaKultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt idrettsstipend til utøvarane Aron Rodal Haugen frå Trollheimen fjellsportklubb og Lovise Skarbøvik Andresen frå Dimna IL. Molde basketballklubb får årets klubbstipend. Alle stipenda er på 50.000 kroner kvar.
Les heile saka