Denne turen går til et flott område i Trollheimen mellom Todalen og Innerdalen. Turen starter like før Kårvatn, og her blir det rask stigning fra første stund. På ca 850 moh kommer en til platået ved Storfellet, med ei fantastisk utsikt over dalen.
Herfra går vi til Grinarvatnet og begynner oppstigningen til Grinaren, et litt krevende parti. Platået før selve toppen har en varde med panoramautsikt mot Skjerdingfellet og Todalen.
Les heile saka
Ski og friidrettsgruppa melder om at det førstkommande tirsdag blir oppstart med lagseriestemne på Bordholmen igjen. Det blir også muligheit for å ta idrettsmerker desse tirsdagane framover.
Etter fleire henvendelsar er det no bestemt at idrettslaget tek opp ei siste bestilling på dei nye klubbjakkane som vart lansert tidlegare i vår. Så alle ihuga todalspatriotar som vart for seine til første bestilling får no ein ny sjanse.
Les heile saka
Då ein av våre trufaste medarbeidarar går av med pensjon, vert det ei 100% stilling ledig som kyrkjetener/kyrkjegardsarbeider melder Kyrkjeverge i Surnadal og Rindal, Ingeborg Nordlund.
Les heile saka
Alle bebuarar, familie og vener er hjarteleg velkomne til sommarfest ved Surnadal sjukeheim 23.august 2017 kl 17.30. Jostu med vener frå Todalen, vil spela og synga gode gamle slagerar.
Les heile saka
No har soknerådet haustprogrammet for Todalen kyrkje klart. Dei har sett opp plan fram til nyttår, og det er planlagt 8 gudstenester i denne perioden. I tillegg er det planlagt konfirmasjonsfest, der 50-årskonfirmantane er bedne. Det skjer 14. oktober i Todalen ungdomshus.
Les heile saka
Årets sesong for laks- og aurefiske i Toåa er slutt i kveld 15. august kl 24.00. Årets sesong er ikkje noko å skryte av, men er heller ikkje av dei dårlegaste, seier Ola Bruset som er leiar i Todalen Elveeigarlag. Nå er det tid for å levere inn fangstrapportane, slik at vi får skikkeleg oversikt over årets sesong
Les heile saka
HLF Surnadal arrangerer tur over Aursjøen og videre om Eikesdal torsdag 24.august. Det blir kaffestopp underveis og middag i Eikesdal. HLF organiserer transport med private biler.
Les heile saka
Turstigruppa på Årnes, med Svein Aarnes i spissen, har no gjennom fleire år lagt ned eit utruleg stort arbeide med å rydde og merke stier i Årnesliene, heile rutenettet er på 2-3 mil! I tillegg er det oppsett fleire hundre namneskilt i området, og det er utplassert heile 28 postkasser med turbøker. I tillegg kan ein nå turmåla til Bæverfjord i Baklia og ved Svartvatnet. Gruppa har og lagt ut trimbøker ved Sivertvarden og Engerlivarden på Torviksida. Stangvik Historielag v/Bjarne Røen har laga mange av skilta, i tillegg har Odd Ragnar Bekken laga mange. Arbeidet med utplassering av skilt er kome langt, men ennå er det ein del som ikkje er utsett. Sjølv om det meste av dette er «gratis-arbeid», vil det alltids vera noko som må betalast med penger og. Gruppa er svært glad for, og vil takke Gjensidige forsikring Surnadal for støtten dei har fått frå dei, og Surnadal Sparebank som har støtta med ein «kvile-benk».
Les heile saka
I helga vart det funne ein solid vinterjakke på vegkanten ved Ørsal-stabburet. Det var ein skikkeleg stor og solid jakke – einsfaga blå og i størrelse 4 XL. Det er altså snakk om vaksenmanns klær, som er funne, seier Johan K. Ørsal, som er finnaren.
Les heile saka
Torsdag 17. august er Surnadal pensjonistlags stavganggruppe i gang med høstsesongen. Oppmøte til vanleg tid ved Iggeltjønna i Rindalen. Så vandrar vi rundt tjønna og spiser maten vår ved badeplassen, skriv leiar Kristian Ranes i sin introduksjon av arrangementet, og legg til at vi gleder oss og ønsker kvar og ein vel møtt!
Treningskampen mellom Todalen og Søya på Bordholmen laurdag ettermiddag, vart både artig og fartsfylt, og det vart godt kjempa av begge laga. Både Todalen og Søya hadde fått litt forsterkingar til laget, og det var sjølvsagt med og gjorde kampen litt meir publikumsvennleg.
Les heile saka