Skulen markerer også i år den Nordiske bibliotekveka med eit arrangement måndag 13.nov på biblioteket, og håpar at mange tek ein tur for å sjå på utstilling av nye bøker og ulike aktiviteter til vaksne og born.
Les heile sakaKultursjå med «Farmen-Kristian» i Surnadal
Sett av kvelden torsdag 16. november. Da blir det Kultursjå i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Programmet er rikt og variert melder Surnadal heimbygdlag.
Les heile saka
Månadens bilete: Solnedgang på Åsbøsnytå
For oktober kan vi gratulere Anja Dalsegg Sæter som vinnar av månadens bilete med » Solnedgang på Åsbøsnytå» med 77 av dei 252 stemmene som kom inn denne månaden. Tett bak fulgte Nordåbotn fra Gudmund K Kvendset og Høst i hagen fra Brit Hansen. Vi treng sjølvsagt fleire bilete, og du har god tid enda på å ta et blinkskudd som kan stikke av med tittelen som månadens bilete for november.
Les heile saka
Vegarbeid i Falla: Den første salva har gått
Vegarbeidet i Falla er for lengst kome i gang. Mykje av den første veka har gått med til rigging og førebuing, men no har den første salva gått. Det er laga ein eigen omkjøringsveg over Tjønnmyra, så trafikken går sin gang til bebuarane i Markagardan og til Kårvatn.
Les heile saka
Revy på gang: – «Mykkjy på fer» frå Svarrabærje
Tysdag kveld var det generalprøve på revyen «Mykkjy på fer» i kulturhuset. Det er Svarrabærje teaterlag som står attfor, og torsdag kveld er det klart for premiereforestilling. Førebuingane har føregått sia midten av september denne veka blir det 4 førestillingar – premierekvelden er i skrivande stund på det næraste utselt.
Les heile saka
Årsmøtetid – Søya og Todalen skytterlag
Måndag 27. november kl 20 inviterer Søya og Todalen skytterlag til årsmøte på Talgøfabikken på Kvennset. Vanlege årsmøtesaker står på saklista, og laget byr på enkel servering under møtet. Eventuelle saker til årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende innan 20. november.

Frøken Språk frå Todalen
Språk og det å skrive kan være vanskeleg. Å skrive godt enda verre. I Gran kommune har dei sett fokuset på dette og her kjem Åse Torill Krågsrud sin interesse for korrekt norsk språk godt med. Ho er tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i informasjonsavdelinga i Gran kommune, og under aliaset Frøken Språk har ho saman med sine kollegaer jobba for å forenkle det kommunale ordforrådet i kommunen.
Les heile saka
Triveleg sesongavslutning for Kløverturane
Sjølv om ikkje veret var det beste, var det stor oppslutning om årets siste Kløvertur måndag 6. november. Med Sanitetshuset som startpunkt, vart det fleire forskjellige turar
Les heile saka
Labert oppmøte på sjakk – usikkert korleis det blir vidare
Berre 4 sjakkentusiastar møtte på sesongens første sjakkarrangement på Kaffekroken søndag kveld. Skuffende oppmøte, seier Anders Talgø og Terje Nordvik som har teke initiativ til å samlast til meir eller mindre uformelt sjakkspel i Kaffekroken på Halsbua.
Les heile saka
«Torvind» kom med singel og sand…
Grytidleg søndag var lossinga i gang på kaia ved settefiskanlegget. Det var MS Torvind som kom frå Herøysundet med knusagrus til Per Gjeldnes Maskin. Da vi stakk bortom kaia på føremiddagen var lossinga på det næraste ferdig.
Les heile saka
Stem på månadens bilete for oktober
Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Vi har få bilete i køa nå, og hadde satt stor pris på om du vil sende inn bilete til oss.
Les heile saka
Avslutning for årets Kløverturar
Måndag 6. november er det avslutning for Kløverturane i 2017. Da blir det både Kløverrusletur og Kløvertur. Etter turane blir det kaffelag i Sanitetshuset.
Les heile saka