I går kveld opna Stangvikfestivalen med fullsett opningskonsert med Trygve Brøske, Marianne Meløy og fleire på Bøfjorden sjøbruksmuseum i Bøfjorden. I kveld er det Operakveld i Todalen ungdomshus klokka 19:00 (dørene opnar klokka 18:00). Etterpå er det Halvliter og Kjellarmusikk på Bryå ved Bondehuset i Stangvik klokka 21:30.
Les heile saka
Ein seterdal starta som eit samarbeidsprosjekt mellom menneske og naturen. Ei dyrka sameksistens, ein felles eigendom forma av dei som har levd før oss. Kvennsetdalen er ein gammel seterdal som lik fleire kulturlandskap gror att, men no er det igangsett ein skjøtselsplan for seterstølane Kvennsetsetrin og Markastua. Sist laurdag var det dugnad for å starte arbeidet med å rydde fram kulturarven.
Les heile saka
Det har vore generasjonsskifte i hønehuset i Pestua. Det gamle innsettet med verpehøner var uttjent, og nye er komne til gards. No nærmar det seg starten på verpinga, og dei aller første kjuklingegga er alt komne og snart er det full produksjon igjen. Og full produskjon, det er ca 7.500 egg pr dag – ett egg pr verpehøne.
Les heile saka
Torsdag, fredag og laurdag inviterer Lia gard til sommarope bakeriutsal. Torsdag 25. juli er utsalet ope klokka 12:00 – 16:00, fredag 26. klokka 11:00 – 16:00 og laurdag 27. klokka 11:00 – 15:00. Så har ein lyst på noko godt til kaffen no i sommar, så er det berre å ta turen til Lia gard!
Les heile saka
Stangvikfestivalen blir arrangert kvart partalsår. Årets festival blir arrangert frå onsdag 24. juli til og med søndag 28. juli. Bondehuset i Stangvik er hovudbasen for Stangvikfestivalen, men både Bøfjorden og Todalen får besøk av festivalartistane. Kunstnarisk leiar Sigrid Vetleseter Bøe og styret i Stangvikfestivalen har også i år fått laga eit velfylt og variert program med høg kvalitet.
Les heile saka
Knut S. Johansen var 33 år første gongen ha var i Todalen for å fiske laks. Ein kompis frå Molde tok han med hit for i introdusere Knut for Toåa. Sia har det vore «fast følgje», og no er det altså 50. gongen han er her. I år har han ikkje med fiskestange, men er her berre for å jubilere og for å minnast, seier sarpingen.
Les heile saka
Det kom slett ikkje soms på, men likevel vart det litt uvant med regnvêr igjen. Slutten på veka som gjekk var kanskje sommarens finaste helg, med rikeleg med sol og med skikkeleg sommartemperatur til langt på natt. Ein kjempefin kveld vart det, med Thaiaften på Todalshytta og det var mange som nytta høvet til å nyte sommarkvelden i fullt monn. I helga har faktisk gradestokken vore ganske så nær 30-talet.
Les heile saka
Før juli er over held vi litt fast på juni med å kåre månadens bilete av dei innsendte bidraga til dagens bilete. Klikk deg inn og stem på din favoritt.
Les heile saka
Utvida Bekkerhagan Badeklubb har meldt inn badetemperatur på heile 20,5 grader i Båthølen i dag, og med det ryddar todalen.no sjølsagt framsida for å få plass til denne viktige folkeopplysningssaka.
Les heile saka
Midt i gardstunet på Nytrøa – midt i mellom fjøset og våningshuset har Elisabet Marie Aas bygd seg målarverkstad. Elisabeth er egentleg godt etablert som billedkunstnar, for ho har halde på med dette heilt sia slutten av 1990-talet. Ho hadde faktisk si aller første utstilling her i Todalen, der ho stort sett presenterte motiv frå Todalen – utstillinga kalla ho «Todalen i mitt hjerte»
Les heile saka
Han kjem frå Hampshire i England og driver butikk med sal av utstyr til fluefiske. Han var i Todalen for første gong i fjor – på prøvefiske i Toåa. No i år har han vore på Todalshytta ei veke, og har landa tilsaman 6 sjøaure og 4 laksar – den største laksen på 8,1 kg tok han torsdag, like før midnatt. Alle 10 er gjenutsatt.
Les heile saka
Det vart blink både med vêret, maten og stemninga da Todalshytta inviterte til Thaiaften fredag kveld. I den fine sommarkvelden var det mange som var nysgjerrige på Thaimatbuffen som Todalshytta gourmetkjøkken diska opp med.
Les heile saka