Frode Alnæs (58) er en av Norges beste gitarister. Når han kommer til Surnadal 8. februar med sin nye gitarforestilling ønsker han å invitere en lokal gjestegitarist opp på scenen. Nå trenger han din hjelp til å finne den rette.
Les heile saka
Frode Alnæs (58) er en av Norges beste gitarister. Når han kommer til Surnadal 8. februar med sin nye gitarforestilling ønsker han å invitere en lokal gjestegitarist opp på scenen. Nå trenger han din hjelp til å finne den rette.
Les heile sakaTalgøkonsernet er ikkje berre møblar, elementbygg og royalbehandla trelast. – Lokalt er det også 3 Byggmakker byggevarebutikkar og eit hagesenter. Det siste året har det vore investert store summar både i Surnadal, Sunndal og på Tingvoll. Vi må ruste opp butikkane og passe på at vi heile tida er konkurransedyktig, seier konsernsjef Terje Talgø som vidare fortel at det er i nedgangstider ein skal ruste seg på oppgangstider. – Han fortel vidare at nedgangen som har vore i oljebransjen nok har dempa byggebransjen litt, men satsinga på hagehus og elementbygg i Talgøs byggdivisjon har klart å holde farten oppe i konsernets byggvarebutikkar.
Les heile sakaPå føremiddagen i dag var det 2 svaner på visitt på Austigardshauå. Dei kosa seg i nokre sølepyttar som har danna seg i regnet og snøsmeltinga som har vore dei siste dagane. Vi kan vel driste oss til å tru at dette er songsvaner, sjølv om vi ikkje kunne høre ein einaste lyd. Men vi reknar med å bli motsagt dersom dette ikkje stemmer.
Les heile sakaDet vart for tøft å få opna nyvegen forbi Kufalla til jul. Dei starta på denne veka med det som mål, men det er så store mengder med masse som må ut at nyvegen blir opna først på nyåret. No tek gjengen på vatn Maskinstasjon ein velfortent juleferie, startar på igjen så snart det blir nytt år.
Les heile sakaHeilt sia Øyabrua vart midlertidig stengt den 13. november, har det store spørsmålet i Todalen vore – kva skjer vidare med brua? Det kom kanskje litt stoms på kommunen også at Øyabrua var i så dårleg forfatning at ho måtte stengjast for motorkøyretøy. Rett nok har akseltrykket for brua vore sett ned i fleire år, men no er det altså kun gåande og syklande som får trafikkere brua. Kommunen vil sørge for brøyting av brua og tilførselsveg til slik bruk.
Les heile sakaI kveld inviterte elevar, tilsette og FAU ved Todalen Oppvekstsenter til den årlege juleavslutninga ved skulen. Med fullsett sal med familie og venner vart det ei triveleg førjulsstund i gymsalen. Alle skuleklassane hadde øvd inn kvar sine underhaldningsnummer og til slutt kom den vesle barnehagegruppa med sitt innøvde «På låven sitter nissen».
Les heile sakaDette blir friskt! – TrondheimSolistene har fått med seg ein jodlar frå Romsdalen og trekkspelets svar på Matti Nykänen til nyttårskonserten i Surnadal kulturhus 12. januar.
Halve salen er allereie selt (pr. 20.12), og vi har enno ikkje kome til dei aller siste hektiske dagane før jul der karar med vikande blikk leitar desperat etter julepresangar; og helst presangar som kanskje for ein gong skuld kan overraske mottakarane. Da kan billettar til denne godteposen av ein konsert vere eit alternativ; med Polkabjørn, Kleine Heine og virtuose musikarar frå TrondheimSolistene.
Søndag 14. januar inviterer Surnadal I.L. til langrenn ved Nordmarka Skisenter i Surnadal. Sonerennet startar kl 11.00 medan kretsrennet startar kl 12.00, og det skal utøvast fri teknikk, med 15 sekunders individuell start.
Les heile sakaDet er nok mange som har lengta etter at sola skal snu, og at det begynner å gå mot lysere tider igjen. Det skjer torsdag 21. desember kl. 17.28 norsk tid (ETC ). Det går nok noen dager før vi merker at dagene blir lengre, men etter hvert vil dagens lengde øke med 6 minutter. Da tar det 10 dager å øke daglengden med 1 time – og da er det jammen snart vår igjen!
Les heile sakaPå morgonkaffen i Kaffekroken er det som oftast ikkje så stor deltaking, men tysdag var det både bursdagsfeiring og celebert besøk. Ragnar var jubilant, og er frå i dag i ein slik alder at han kan gjera som han vil, og det var behørig feira med krem-terte til alle som var innom. Førstemann innom var skulebussjåføren – Kristian Kjølstad – og etter kvart var vart det både jubilant, ordførar, rådmann og fleire til, men det var sjølvsagt berre jubilanten som fikk klem og presang med ordføraren.
Les heile sakaTysdag ettermiddag kjem Start 4H rundt bygda på ein handlerunde, der dei har fine kornband og juleheftet «Du mitt Nordmør» i kolleksjonen. Fint om folk har kontantar, då Start 4H ikkje har betalingsterminal, står det i ei pressemelding vi har fått.
No er billettane til julerevyen «#ViÅ» i sal på Matkroken Todalen. No er skrivearbeidet ferdig, og øvinga er godt i gang. No er det berre sensasjonelle hendigar som kan påvirke stoffet til julerevyen, gliser Anders Gjeldnes som er revysjef i år.
Les heile saka