Den folkekjære artisten frå nord gjestar Leikarvollen Scene i Bøfjorden fredag 7. september – Halvdan Sivertsen har levert vakre songar i ein mannsalder og er ein av dei største musikarane vi har i Norge. Ja vi kan nok kalle han ein legende! Dette blir ein stor kveld på Leikarvollen Scene, seier initiativtakar Kay Edvin Nessæther til Todalen.no
Les heile saka
Skogsbilveg til Skarvøymyra
I Øyalia driv entreprenør Per E. Gjeldnes Maskin med bygging av skogsbilveg – det dreier seg om vidareføring av vegen som i dag går opp til området ved Øyagammelsetra oppunder Tårnet. No blir vegen vidareført opp til enden på den gamle tømmervegen som endar opp på Skarvøymyra, litt lenger ut og opp.
Les heile saka
Inviterer til innsettingsgudsteneste i Stangvik kyrkje
Nypresten, Kristin Strand, har for lengst hatt si første gudsteneste i Todalen kyrkje, men søndag 11. februar kl 11, er det offisiell innsetjing av nypresten i Stangvik kyrkje. Innsetjinga skjer ved Prost Leif Endre Grutle, og i samband med innsetjingsgudstenesta inviterer Stangvik sokneråd alle til å bli med på innsetjingsgudstenesta og kyrkjekaffe i prestegarden etterpå. Alle er hjarteleg velkomne!

Fastelavnstid – snart er det vår….
At Sanitetskvinnene stiller opp utafor Matkroken for å selge fastelavnsris føles mesta som det første vårtegnet. Og akkurat det er også eit av dei sikreste teikna på at det er aktivitet i sanitetsforeninga. Slik har det vore i lange tider og framleis er salet av fastelavnsris eit av dei sikraste fundamenta i økonomien til Sanitetskvinnene.
Les heile saka
Sesongstart for Kløverturen – blir du med ut på tur?
Måndag 12. februar startar Kløvertursesongen! Turruta denne dagen går frå Halsbua og utover Stranda. Som vanleg er det oppmøte ved butikken, og turstart er kl. 11.00.
Les heile saka
Snart startar nytt jegerprøvekurs
Surnadal Jeger og Fiskerforening startar opp med nytt jegerprøvekurs måndag 5.mars 2018 kl. 18.00. Kurset vil foregå på Surnadal vidaregåande skule og blir gjennomført over 9 samlingar som også inkluderer helg.
Les heile saka
Todalen idrettslag – kunngjering av årsmøte for 2018
Årsmøte i Todalen Idrettslag blir halde i Todalen Ungdomshus torsdag 15. mars 2018 kl. 19:00, melder styret i laget. Den fullstendige saklista for årsmøtet er ikkje klar enno, men det blir vanlege årsmøtesaker og eventuelt innkomne saker. – Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå seinast 8.mars. Innkomne saker må vera meldt til styret innan 1.mars.
Les heile sakaBli med på Kvinnehelsedag, i Todalen
Todalen sanitetsforening inviterer til Kvinnnehelsedag i Todalen Ungdomshus laurdag 10. mars. Her vil det bli åpent hus med streaming av Norske Kvinner Sanitetsforening sin Kvinnehelsedag i Oslo Kongressenter. Dette er i praksis videooverføring av ein heil dag spekka med interessante tema og foredrag for å inspirere og gi påfyll til eit betre kvinneliv.
Les heile saka
Djup tele hindrar ferdiggjering av nyvegen i Falla
Det er over halvmeteren med tele i vegbanen i Falla. Dette hindrar arbeidet med å ferdigstille vegarbeidet forbi Kufalla. Men no er arbeidet såpass ferdig, at det er opna for trafikk etter nyvegen på kveld og helg, når det ikkje er arbeid på anleggsstaden. men den trafikken går på eige ansvar, og med stor forsiktigheit.
Les heile saka
De glade trubadurer ble månadens bilete
Med 73 av 206 stemmar stakk dei glade trubadurar av med sigeren, og årets første premie. Gratulerer til Stig Husby. Vi har nye premiar av året, og gleder oss til å dela ut desse til dugelege fotografar.
Les heile saka
Godt årsmøte i Sanitetsforeninga
Tysdag 6. februar var 19 medlemmer samla til årsmøte i Todalen sanitetsforening. Etter god, gammel tradisjon starta møtet med kvikk allsong; denne kvelden var det tid for nasjonalsong da det var samenes nasjonaldag.
Les heile saka
Næringslivsdagen er meir aktuell enn nokon gong
I år er det 15. gong at Surnadal sparebank dreg i gang sin næringslivsdag. Jamt og trutt har talet på deltakarar auka på, og i år er det alt påmeldt 160 deltakarar – tre veker før næringslivsdagen blir arrangert tysdag 27 februar. I år bys det på eit interessant knippe foredragshaldarar, med Therese Johaug i spissen, og med Bente Krangnes Edvardsen som ny konferansier så ligg det an til ny suksess.
Les heile saka