Så kom dagen som har vore planlagt så lenge – Terje Nordvik går over i pensjonistanes rekkjer, og Jorid H. Ansnes rykkjer opp og blir ny kremmar på Matkroken Todalen. Både Terje og Jorid ønska å markere denne dagen, og inviterte like godt alle sambygdingar og «fleire til» på kaffelag denne siste julidagen.
Les heile saka
Søndag 4. august frå klokka 12:00 – 16:00 inviterer Slettneset steinovnsbakeri til open kafe i Slettneset. Førebels seier vêrmeldinga at det er fare for litt regn søndag, men at det blir god temperatur. I Slettneset er det mogleg å sitte inne i stabburet og under tak ute, så om det er meldt litt regn har ikkje noko å seie, det er berre å ta ein tur uansett
Les heile saka
Vêret kan du aldri lita på – slik er det også når du inviterer mange gjestar på selskap og har for lite plass til å få gjestane under tak. Onsdag er det feiring av generasjonsskifte ved Matkroken Todalen, og hit er heile bygda invitert – og flerire til. Etter ein siste sjekk av vêrmeldinga på yr.no så vart teltet montert ferdig og klargjort for å huse mange gjestar.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag startar haustsesongen torsdag 1. august klokka 11:00. Da inviterer dei nemleg til stavgangtur til Krokvassdalen.
Les heile saka
Etter å ha hatt ein lang sommarferie, startar «Kaffekrokens venner» oppatt med trim på Hett & Svett måndag 12. august klokka 10:00. Etter trimmen blir det servert bakels med graut kan Kjell Gunnar Polden fortelje.
Les heile saka
Onsdag 31. juli blir det storstila feiring på Matkroken Todalen – eller Halsbua i daglegtale. Da har handelsmann Nordvik sin siste arbeidsdag som kremmar og da er det dagen for Jorid H. Ansnes til å ta over drifta. Terje N. blir da pensjonist på heiltid etter 58 år som enten medeigar eller drivar og denne dagen inviterer han altså heile bygda og fleire til på kaffelag.
Les heile saka
Årets Stangvikfestival let oss fråtse i kulturopplevingar. Laurdagens kyrkjekonsert låg på øvste hylle. Festivalens utøvarar er kvar for seg på landslagsnivå. Når dusinet av dei samlast og formidlar musikk i verdensklasse, er det ei stor gåve å vera mottakar. Mange nytta sjansen i Stangvik-kyrkja.
Les heile saka
Todalsven og Nordvikgardingen Odd Arild har sendt oss ein liten turrapport. Han og svogeren Stein gjekk torsdag turen frå Innerdalsmerket via Bjøråskaret over til Innerdalen og ned til Nedalen.
Les heile saka
Vi har fått eit reisebrev frå Team Karen Johanne Talgø og Kjell Gunnar Polden som har køyrt Aursjøvegen. Det vart ein kortreist, vill og vakker tur. Reisebrevet kan du lese nedanfor:
Les heile saka
Torsdag kveld var det «tjuvstart» på Stangvikfestivalen med operakveld i Todalen ungdomshus. Det er kvar dag du finn operasolistar av internasjonalt kaliber på scena i Todalen ungdomshus, men vi som var der i går kveld fekk ei oppleving av dei sjeldne.
Les heile saka
Den 1. august tek Mari Redalen skrittet og går over til butikkjobb på Matkroken Todalen. Ho har alltid hatt eit ønske om å jobbe på bua, no fekk ho sjansen. Ho har spurt Terje om butikkjobb fleire gong – men det har aldri passa, og ho har fått nei.
Les heile saka
I går kveld opna Stangvikfestivalen med fullsett opningskonsert med Trygve Brøske, Marianne Meløy og fleire på Bøfjorden sjøbruksmuseum i Bøfjorden. I kveld er det Operakveld i Todalen ungdomshus klokka 19:00 (dørene opnar klokka 18:00). Etterpå er det Halvliter og Kjellarmusikk på Bryå ved Bondehuset i Stangvik klokka 21:30.
Les heile saka