Også i år skal Nordvik grendalag arrangere den tradisjonelle sykkeltrimmen og inviterer derfor til ei sosial samling på Øygarden kvar søndag i perioden fra 13. mai til 19. august.
Les heile saka
Også i år skal Nordvik grendalag arrangere den tradisjonelle sykkeltrimmen og inviterer derfor til ei sosial samling på Øygarden kvar søndag i perioden fra 13. mai til 19. august.
Les heile sakaI år opnar Svinvik Arboret den 12.mai og har ope 5 dagar i veka heile sesongen, frå onsdag-søndag. Onsdagane i juli er det langope til klokka 20.00. Ellers er det stengt på 17. mai, men ope alle dagar i pinsehelga.
Les heile sakaBasert på registrering av vassføringa i Toåa i perioden frå 1974 til 2015 så definerer NVE 74,0 m3 i sekundet som middelflaum. På morgonkvisten i dag var vassføringa oppe i 74,7 m3/sek, og dermed var vassføringa på flaumnivå før den begynte å gå ned igjen.
Les heile sakaI dag starta Talgø lagersalet på Vintra. På det 20.000 m2 store lageret som fungerer som lager for alle Talgøselskapa, er det dei neste dagane gjort om til eit gigantisk lagersal, der restar av møbelseriar og utgåande modellar, hagemøblar, inner- og ytterdører og mykje anna lagt ut til eit gigantisk restesal som varer tre dagar til ende.
Les heile sakaFor Olaug Kvendset stod valet mellom å satse vidare eller å gi seg med mjølkeproduksjonen. Valet vart det siste, og heilt sia i fjorhaust har gardstunet på Utigard Kvendset vore prega av byggeverksemd. Frå påske har det vore full trøkk på fjøsbygginga, og mesta før telen var borte starta Hallvard jr, Aasmund og Asgeir med grunnarbeidet og riving av dei gamle tårnsiloane, fortel Olaug. Med dette arbeidet hadde dei god hjelp av Per Gjeldnes Maskin. – For å få plass til bygge saman det nye mjølkfjøset med det gamle fjøset, måtte også Lundebekken flyttast og leggast i rør.
Les heile sakaI går kveld var det to kampar i aldersbestemte klassar på Søyabanen. G10 Søya/Todalen møtte først eit sterkt sunndalslag som tok leiinga frå start til slutt. Etterpå var det J10 Søya/Todalen som også møtte eit sunndalslag. Dette vart ein langt meir jamnare kamp, som til slutt endte uavgjort.
Les heile sakaEt annerledes medlemsmøte for pensjonistene i Surnadal i dag. Det startet i lokalene til Surnadal Billag AS. Vi fikk en grei orientering om hva som skjer i de gamle lokalene. Og det var svært interessant å høre på de to eierne, Jon Arne Mogstad og Martinus Grimsmo som for tre år siden kjøpte hele greia for ei krone!
Les heile sakaTyske turistar har ved eit uhell fått eit garn på kroken i Todalsfjorden ved Nordvik. Dei søker no etter eigarmannen og beklagar sterkt at dei kom i skade for å dra opp garnet. Det er inga merking på garnet, men dersom det er nokon som kjenner det att, så er det berre å ta kontakt […]
Les heile sakaPå grunn av alle helgedagane var stavgangturen flytta fra til onsdag – og da samla stavganggruppa seg ved Sjøleet på Nordvik, og stavgangturen gikk etter vegen utover forbi Sjøtrøa og til Haltbakkan før dei snudde nasen heimover igjen. På tilbaketuren var det ein lang og god kafferast i gapahuken til Magnar Gjeldnes, før turen gikk […]
Les heile sakaPå frigjeringsdagen 8. mai var det fleire veteranar frå tysklandsbrigaden som fekk si påskjønning. I etterkrigstida var det mange som gjorde teneste i ein av dei 12 tysklandsbrigadene som hadde som oppgåve å stabilisere forholda i Tyskland etter krigen. No var det altså tid for å markere dette med ei påskjønning for utført teneste i internasjonale operasjonar. Dette markeres med ei medalje som var innstifta i 2000. I tillegg vart veteranmedaljen for tysklandsbrigaden som vart innstifta i 1990 delt ut.
Les heile sakaRute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet var innstilt frå kl 11 i dag. – No er det normal drift i sambandet, melder Fjord1 kl 13.41.
No er Vatn Maskinstasjon i gang med oppryddinga etter anleggsarbeidet som har pågått i Falla i vinter. No er det fritt for tele i området, og dermed er det gode forhold for å fullføre arbeidet, seier dagleg leiar Gudmund Ole Vatn i Vatn Maskinstasjon. Han ber om at trafikantane utviser forsiktigheit ved passering i området.
Les heile saka